Propecia for hårtap

Spørsmål

Hei
Jeg er en kvinne på 41 år.Prpblemet mitt er å miste mye hår.
jeg bruke Minoxidil 5%.Det hjlper litte.Jeg har hørt mye om den nye pille som heter Propecia . Jeg har tenkt å beygnne å bruke den.
Jeg er helt frisk og kan ikke få flere barn.Hva synes du om det?Tror du kvinne som får ikke barn kan bruke pillen? Og hvilke bivirkninger kan oppstå?
mvh
soso

Kvinne, 41 år

Svar

Hei!
For det første, det er mange grunnar til håravfall. Eg reknar med at du har diskutert problemet med fastlegen din, og at de ikkje har funne noen bakenforliggjande årsak.

Du har altså forsøkt Minoxidil 5% for hårtapet, men synes det hjelper lite. No ønskjer du å forsøke Propecia, eit middel som blir brukt for å bremse mannleg håravfall.

Propecia inneheld det kjemiske stoffet finasterid. Dette er eit stoff som hemmar omdanninga av det mannlege kjønnshormonet testosteron til dihydrotestosteron (DHT). Ein kan seie at DHT er eit sterkare mannleg kjønnshormon enn testosteron. I Norge er Proscar tablettar 5mg den einaste medisinen som inneheld finasterid. Proscar blir brukt for prostataproblem. Propecia tablettar 1 mg kan menn med hårtap få gjennom såkalla registreringsfritak.

Eg har søkt gjennom ein stor medisinsk database (Pub Med) for å finne forskningsresultat om bruk av finasterid til kvinner. Det er gjordt lite slik forskning. Eg fann kun eit par skikkeleg gjennomførte studier, og her var det ingen positiv effekt av finasterid på kvinneleg hårtap. Det var imidlertid nokre pasienthistoriar der ein meinte at Propecia hadde hatt effekt. Dersom du vil søkje i ulike databaser kan du bruke orda "female pattern hair loss" eller "androgenetic alopecia in women".

Den viktigaste biverknaden av Propecia vil vere dersom kvinna som bruker tabletten blir gravid. Kjønnsorgana til eit guttebarn kan då bli mangelfullt utvikla. Tablettane er av den grunn drasjerte for å unngå at kvinner som tar på tablettane skal få noe av det aktive stoffet i seg. Andre viktige biverknader synes kun å vere allergiske reaksjonar.

Konklusjonen blir at Propecia ikkje har noen dokumentert effekt på kvinneleg hårtap og kan derfor ikkje anbefalast. Legemiddeltilbodet til kvinner med stort hårtap er dessverre dårleg. Hårtransplantasjon kan utførast på kvinner, men detaljer om dette kjenner eg ikkje til. Lykke til.