Gravid etter angrepille

Spørsmål

For 4 år sidan hadde eg eit ubeskytta samleie. Innan 72 timar var eg hos lege og fekk angrepille. Eg fekk då 4 piller som eg skulle ta to og to med eit visst mellomrom. -Trur legen sa at det var p-piller eller noko, men at på denne måten slapp eg å reisa heilt til eit apotek for eg kunne få pillene av han. Dei skulle verka akkurat som ei angrepille. Eg meiner òg at legen sa at eit eventuelt foster ikkje ville bli skada.

Etterpå fann eg ut at eg likevel var gravid. Då eg var og fekk svar på urinprøven, altså bekrefting på graviditet, sa dama der at sidan eg hadde tatt dei pillene så måtte eg ta abort. Det eg lurer på er kva piller det var eg fekk, skadar desse pillene/angrepilla eit evt. foster og kor "sikker" er angrepilla?

Elles kan eg leggja til at eg tok abort, og er nøgd med avgjerdsla mi.

Kvinne, 26 år

Svar

Tatt innen fristen på 72 timer er angrepillen sikker i ca. 90%. Pillene du fikk av legen antar jeg var p-piller, som i den oppgitte dosen skal ha samme effekt og sikkerhet. Hvis graviditeten utvikler seg til tross for angrepille, er det ikke sett alvorlige fosterskader.