Sjuke born og barnehage

Undersøkjingar frå utlandet syner at barnehageborn under 2 år får smittsame sjukdommar dobbelt så ofte som born som ikkje er i barnehage. Risikoen aukar med storleiken på barnegruppa.

Medan det tidlegare oftast var dei tradisjonelle barnesjukdommane med utslett som dominerte, er det i dag infeksjonar som smittar ved at smittestoff frå avføring kjem inn i barnet sin munn, nesten alltid via hendene.

Skal ein redusere talet på sjuke born i barnehagen må born som er sjuke vere heime i det tidsrommet dei smittar mest. I tillegg må det vere gode rutinar for handvask for born og tilsette etter toalettbesøk, bleieskift og før handtering av mat.

I utgangspunktet er det alltid barnet sin allmenntilstand som skal avgjere om barnet skal gå i barnehagen.

I tillegg må det vurderast om barnet skal vere heime for å unngå smitte-spreiing til andre.

- Born med feber og akutt diare skal vere heime frå barnehagen. Bleieborn skal ha minst ein symptomfri dag før dei kjem tilbake i barnehagen.

-Born som kastar opp om natta bør ikkje gå i barnehage dagen etter.

-Har barnet brennkoppar eller augekatarr, kan barnet gå i barnehage dagen etter at han/ ho har byrja med behandling (antibiotika).

Nokre born kan ha symptom som liknar akutt infeksjon, utan at dette er noko som smittar. Det er viktig at du informerer barnehagen dersom barnet ditt har ein slik tilstand.

Dette gjeld born som har laus eller tyntflytande avføring fordi dei har ein sjukdom i tarmen, eller fordi det er mat dei ikkje tåler.

Eindel born har første leveåra trange eller tette tårekanalar, og har av den grunn mykje «rusk» og tårer i augene støtt. Når det er slått fast at dette ikkje er augekatarr, kan desse borna gå i barnehage.

Passe strenge reglar for når born skal vere heime frå barnehagen ved sjukdom, vil føre til mindre sjukdom blant barnehageborn.