Nyfødd og nysgjerrig

Snakk med barnet ditt!
Visste du at det nyfødde barnet ditt allereie har høyrt stemma di i fleire månader?

Sjå på barnet ditt!
Visste du at det nyfødde barnet ditt kan sjå andletet ditt på 20- 30 cm ?

Bli kjent med barnet ditt! Visste du at det nyfødde barnet ditt skrik for å fortelje deg mange ulike ting: Eg vil ha klem og kos, eg er våt og kald, eg er varm, eg er svolten, eg er mett, eg har vondt, eg vil ha fred, eg er trøytt.

Kontakt og samspel Heilt frå fødselen treng barnet ditt kontakt, kos og menneskeleg varme. Barnet treng foreldre som "ser" det. Det vil seie at du som forelder må lære å kjenne signala til barnet ditt.

-Når det nyfødde ditt barnet ser på deg ein kort augneblink, sjå tilbake og fortel at du ser det.

-Når det ganske snart byrjar lage lydar; svar det og ver entusiastisk i tilbakemeldinga di, slik at barnet får ei positiv oppleving av kontakten.
-Når barnet snur seg bort og vil ha fred, respekter det og gje barnet fred. Den tidlege kontakten er krevjande for barnet ditt og konsentrasjonen varer den aller første tida berre nokre få sekund. Vit at du er viktig for barnet ditt.

Meir informasjon får du på helsestasjonen din.

Helsing helsesøster