Barnets utvikling: Når du er redd for at noko er unormalt

Når helsestasjonen skal vurdere barnets utvikling, vert tidspunkta nedanfor rekna som "siste frist". Friske born kan godt nå desse milepælane langt tidlegare.

Vanlege milepælar hjå friske born

  • Smil og sosial kontakt: ved 8 veker
  • God augekontakt: ved 3 månader
  • Grip etter ting: ved 5 månader
  • Sit utan støtte: ved 10 månader
  • Går utan støtte: 18 månader
  • Brukar enkle ord: 18 månader
  • Snakkar i små setningar: 30 månader

    Kvar for seg treng ikkje ei forseinking på nokon av desse områda å bety at noko er gale. Men det gjev gode grunnar til å vurdere barnet nærare og følgje litt nøye med den vidare utviklinga.

    Helsestasjonen skal saman med foreldra "overvake" borna si utvikling.
    Det er viktig at spørsmål og tvil vert drøfta undervegs. Det må vere ein trygg dialog mellom foreldre og helsesøster, særleg dersom ein er uviss på om noko er i vegen. Ved mistanke om avvik i utviklinga vil helsesøster, i samråd med foreldra, tilvise til vidare undersøkjing. Det kan også vere aktuelt å setje i gang stimuleringstiltak retta mot dei vanskane barnet har. Helsestasjonen har mange samarbeidspartnarar i dette arbeidet. Vurderinga av barnet si utvikling må vere så brei som mogeleg.

    Om du er uroleg for utviklinga til barnet ditt, er kontakten med helsestasjonen viktigare enn nokon gong!

    Les meir om barnets utvikling:

    0 - 6 veker3- 6 månader6 - 12 månader12 månaderKontakt og stimulering

  • Stikkord: