Barnets utvikling: Kontakt og stimulering

Ein trygg og lun leikeplass på golvet er ein flott plass å boltre seg for eit friskt barn. Der kan barnet liggje litt på ryggen, litt på den eine sida og så på den andre.

Kan leke og ligge på magenJamvel om borna ikkje skal sove på magen, treng dei å liggje på magen når dei er vakne og mor og far passar på. Mageleie er ei flott utgangsstilling for å få overblikk over leikene på matta. Mor og far kan også stundom liggje på golvet. Det gjev tryggleik og kontakt, og det blir kjekkare for barnet å vere der.

Kanskje får mor med seg overskriftene i avisa medan barnet konsentrerer seg om dei vanskelege kryperørslene, og kanskje får far sine velfortente "fem minutt" etter middagen, med bamsefar som nakkepute. Stemninga er avslappa og foreldra er fysisk nær barnet sitt. Barnet treng ikkje mase eller skrike for å få kontakt. Det er kjekt å vere foreldre.

Les meir om barnets utvikling:

0 - 6 veker3- 6 månader6 - 12 månader12 månaderKontakt og stimuleringNår du er redd for at noko er unormalt