Barnets utvikling: 6 - 12 månader

Grovmotorikk:
Barnet kan allereie rulle frå rygg til mage. Frå mageleie prøver det no å kome seg opp på hender og kne. Frå denne posisjonen vil barnet byrje å krype og det vil lære seg å sitje. Rullestadiet og det tidlege krypestadiet har vore med på å utvikle balansen som barnet må ha for å sitje støtt. Dette skjer vanlegvis i 7-8 månaders alder. Krypinga kjem litt seinare, i 9-10 mndrs. alder, omlag samstundes med at mange born reiser seg og tek sine første steg "langs med".

Finmotorikk:
Barnet tek målbevisst etter leiker og flyttar leiker frå hand til hand frå 6 månader og riv papir og bankar i bordet frå omlag 9 månader.

Psykososial utvikling:
Barnet held koppen sin frå 9 månader og drikk sjølv av kopp frå 11-12 månader. Det reagerer på framande og vil helst vere hjå mor og far frå 7 månader.

Språk:
Barnet bablar "ma-ma da-da" og snakkar til andre frå 7 månader og snur seg etter stemmer frå 7-9 månader.

Les meir om barnets utvikling:

0 - 6 veker3- 6 månader6 - 12 månader12 månaderKontakt og stimuleringNår du er redd for at noko er unormalt