Barnets utvikling: 3 - 6 månader

Grovmotorikk:
Barnet løftar etterkvart hovudet og brystet opp frå underlaget og støttar seg på armane i mageleie. Det rullar frå side til rygg, deretter frå mage til rygg, og frå omlag 5 mndrs. alder også frå rygg til mage.

Finmotorikk:
Kan gripe tak i og halde leiker og føre hendene saman og opp til munnen (omlag 4 mnd.).

Psykososial utvikling:
Barnet ler høgt og har tydeleg glede av sosial kontakt. Det kjenner mor og far og syner misnøye med grimaser og gråt.

Språk:
Lydmønstret utviklar seg både i omfang og styrke. Barnet brukar språket aktivt som kommunikasjonsmiddel, dvs. svarar og ventar på svar. Det lyttar til song og musikk.

Les meir om barnets utvikling:

0 - 6 veker3- 6 månader6 - 12 månader12 månaderKontakt og stimuleringNår du er redd for at noko er unormalt