Barnets utvikling: 12 månader

Grovmotorikk:
Barnet går aleine, eller ved å halde seg med ei hand eller gå langsmed møblar. Barnet går aleine frå 9 til 18 månader. Variasjonen er stor.

Finmotorikk:
Barnet kan no plukke opp smular eller rosiner med tommel- peikefingergrep (pinsettgrep). Dette grepet er til stades på begge hendene. Ein kan no stort sett sjå om barnet er høgre- eller venstrehendt. Barnet kan halde ein blyant og rable med den.

Psykososial utvikling:
Barnet gjev tydeleg uttrykk for ja og nei - og vinkar.

Språk:
No har barnet lydar med meining, som mamma, pappa, lys, brrroom.

Les meir om barnets utvikling:

0 - 6 veker3- 6 månader6 - 12 månader12 månaderKontakt og stimuleringNår du er redd for at noko er unormalt

Stikkord: