Grovmotorikk:
Barnet ligg med lett bøygde armar og bein. I mageleie snur det hovudet frå side til side heilt frå fødselen, etterkvar løftar barnet hovudet og held det i nokre sekund.
Finmotorikk:
Barnet kan følge ein gjenstand eller mor/ far sitt ansikt med augene ei kort stund.
Psykososial utvikling:
Smilet kan kome heilt frå ei vekes alder. Dei fleste er likevel gjerne litt eldre.
Språk:
Barnet lyttar når mor eller far syng og pratar og lagar etterkvart sjølv små gurglelydar (røø- røø).
Les meir om barnets utvikling:
0 - 6 veker3- 6 månader6 - 12 månader12 månaderKontakt og stimuleringNår du er redd for at noko er unormalt