Han vi gjerne bestemme og kan bli botnlaust fortvila om også andre vil ha eit ord med i laget, t.d. når dagens garderobe skal plukkast ut. Han kan ete sjølv, men treng litt struktur på form og innhald i måltidet for ikkje å kome skeivt ut. Då går han gjerne like svolten frå bordet.
Å setje seg i barnet sin stad
Dei store samanstøytane får ein stort sett dersom ting kjem for brått på 2 åringen. Då rasar gjerne verda saman for ein kortare eller lengre periode. Dersom vi kunne setje oss inn i barnet sin stad, vart vi kanskje litt flinkare til å gje barnet tid. Då vil vi skjøne at han treng ei lita nedtrappingperiode i leiken for å kunne lausrive seg og for å bli med på butikken.
Fridom innanfor gjevne rammer Å sleppe 2-åringen laus i garderobeskapet kan lett føre til ei uløyseleg konflikt, der veslejenta vil ha ballkjolen på - og berre den. Og ute er det 20 cm. nysnø. Dette valet vil ikkje 2 åringen kunne handtere. Får ho derimot valet mellom den rosa eller den grøne strømpebuksa, er sjansen for eit lukkeleg resultat større.
Slike døme kan ein også finne i måltidssituasjonen, i leggjesituasjonen og sikkert også i andre samanhengar. Det handlar om å lage passelege rammer for 2 åringen, og at han eller ho får fritt spelerom innanfor dei rammene som er gjevne. Dersom mor meiner at 2- åringen ikkje skal ete sjokoladepålegg på brødskivene, bør det heller ikkje stå sjokoladepålegg på bordet.
Det er nyttig å setje seg i barnet sin stad. Då ser ein samanhengane betre, og då finn ein kanskje også i større grad fram til kompromiss som hindrar at barnet vert den tapande parten når konfliktar oppstår.
Les meir om barnets utvikling:
0 - 6 veker3- 6 månader6 - 12 månader12 månaderKontakt og stimuleringNår du er redd for at noko er unormalt