Store bryst hos menn

Spørsmål

Har gynokomasti i begge brystene mine. Ikke noen fett ansamling men 2 harde kuler under hud overflaten. Tror dette kommer av jeg har for liten testo produksjon. Har oppsøkt fast lege og tatt røngten. Fikk ikke dekt operasjon av staten. Så nå vil jeg ha det fjernet ved operasjon billigst mulig måte. Har du noen leger du kan anbefale i Oslo som gjør dette? Har prøvd å komme i kontakt med lege kontorer over tlf men uten resultat. Vet du også hvor man kan teste sin testo produksjon? Takk

Mann, 26 år

Svar

Hei!
Gynekomasti (gynekos=kvinne, mastos=bryst) er eit begrep brukt om forstørra brystkjertel hos menn. Det kan vere einsidig eller dobbeltsidig. Forbigåande gynekomasti er vanleg i puberteten, men opptrer hos knapt 1 % av vaksne menn. Pseudogynekomasti (pseudo=falsk) er unormalt stor fettansamling i området under brystvortene. Denne tilstanden er vanleg ved overvekt og høg alder. Det er ofte vanskeleg å skilje mellom desse to tilstandane og ein med gynekomasti vil gjerne også ha ein del fettvev under brystvortene.

Du har altså fått påvist (ekte) gynekomasti. Denne tilstanden kan ha mange ulike årsaker, men grovt sett reknar ein med at gynekomasti skuldast ein ubalanse mellom mengden av kvinnelege (østrogen) og mannlege (testosteron) kjønnshormon i kroppen. Mange tilstandar kan forstyrre denne balansen slik at østrogeneffekten blir for sterk i forhold til testosteroneffekten. Eksempel er medisiner, høgt alkoholforbruk, sjukdom i testiklane, bruk av anabole steroider og kronisk lever- og nyresjukdom.

Blodprøvar kan avsløre ubalanse i hormonene. I utreiing av gynekomasti er det vanleg å ta følgjande blodprøvar: Testosteron, østradiol, SHBG, prolactin, LH, FSH, hCG og leverprøvar. Av og til kan ytterlegare blodprøvar vere aktuelle. Prøvane kan du ta hos fastlegen. Det er også viktig at testiklane blir undersøkt nøye sjølv om hormonanalysane er normale. Dersom du ikkje har hatt gynekomasti svært lenge, bør du antakeleg også få undersøkt testiklane med ultralyd.

Dersom årsaka til din gynekomasti blir funnen, kan behandling medføre at brystene blir mindre. Oftast endar ein imidlertid opp med diagnosen "idiopatisk gynekomasti", dvs at ein ikkje har funne noen bakenforliggjande årsak. Denne tilstanden er ufarleg, men kosmetisk skjemmande. Det er derfor heilt forståeleg at du ønskjer å bli operert.

Eg kjenner ikkje til kven som er flinkast med slike operasjonar i Oslo-området, men det er vanlegvis plastikkkirurgar som utfører inngrepa. Prisen er avhengig av type operasjon. Ofte blir det gjordt ein kombinasjon av fettsuging (liposuction) og vanleg kirurgi. Eg vil foreslå at du tar kontakt med sentre som utfører plastiskkirurgiske inngrep og ber om pris. Du bør kanskje også koste på deg eit par konsultasjonar ved ulike sentre for å få konkrete pristilbod for din operasjon. Eg har lagt ved linkar til prisliste ved to sentre. Lukke til.