Nerveproblem eller høgt stoffskifte ?

Spørsmål

Min sønn på 20 år begynte for et par måneders tid siden med hodepine og søvnløshet. Etterhvert har det utviklet seg til svetting, skjelving, hjertebank, "uro" i kroppen, trøtt selv om han nå sover, m.m.
Tatt T-4 og TSH prøver, men har hørt at man også bør ta T-3 og anti-TPO. Min sønn har fått beroligende midler av legen, men jeg er skeptisk til om det er "bare" nervene.
Hva mener du ?

Mann, 20 år

Svar

Hei!
Du ønskjer mitt syn på om sonen din sine symptom kan passe med ein kroppsleg (somatisk) sjukdom. Det synes spesielt som om høgt stoffskifte (hypertyreose) er blitt diskutert.

Først litt om blodprøvar ved forstyrra funksjon i skjoldbruskkjertelen (tyroidea). TSH er eit hormon som blir produsert i hypofysen, eit lite organ som er plassert midt inne i hodet. TSH går via blodet til skjoldbruskkjertelen og stimulerer der produksjonen av T4 (=tyroksin). Cellene i hypofysen har "sensorar" som registrerer kor mykje tyroksin som er i omløp og tilpasser produksjonen av TSH etter dette. Det er altså hypofysen ved TSH som til ei kvar tid passer på at skjoldbruskkjertelen produserer passeleg mengde tyroksin. Sjukdom i skjoldbruskkjertelen kan medføre unormalt høg produksjon av tyroksin. Dette blir registrert i hypofysen og nivået av TSH synker ned mot 0. Ved høgt stoffskifte finn ein altså ein høg verdi for tyroksin (blodprøven blir kalla FT4) og ein (ikkje målbart) låg verdi for TSH. Er TSH normal har ein ikkje høgt stoffskifte.

Når tyroksin når ut til cellene i kroppen, blir det omdanna til T3. Det er T3 som i all hovedsak påverkar "stoffskiftet". Av og til er det slik at TSH er 0, FT4 er normal og personen det gjeld har symptom på høgt stoffskifte. Då kan ein av og til finne ein høg T3. Dette blir kalla T3 toksikose eller høgt stoffskifte pga T3. T3 er altså ikkje nødvendig å måle dersom TSH er normal.

Anti-TPO (antistoff mot tyroidea peroksydase) er ei prøve som blir nytta for å finne årsaka til avvik i stoffskiftet. Forhøya anti-TPO tyder på at personen har Hashimotos tyroiditt, ein betennelse i skjoldbruskkjertelen som etter månader og år kan gi lågt stoffskifte. I startfasen kan ein også ein sjeldan gong sjå høgt stoffskifte ved denne sjukdomen. Anti-TPO er altså ein prøve som blir brukt for å finne ut kva sjukdom som ligg bak avvik i stoffskiftet.

Sonen din sine symptom kunne gått passe med høgt stoffskifte. Dersom FT4 og TSH er normale har han nok likevel ikkje det. T3 og anti-TPO vil ikkje tilføre noe vesentleg nytt i ein slik situasjon.

Symptoma du omtaler er grovt sett "stress-symptom" som tyder på at mye adrenalin er i omløp. Ein ytterst sjeldan sjukdom som kan passe med dette er feokromocytom. Det er ein binyresvulst som produserer adrenalin. Den kan påvisast ved blod og urinprøvar. Andre tilstander som kan gi eit liknande sjukdomsbilete er stoffmisbruk eller abstinens og sjølvsagt ulike angsttilstandar.

Håper dette kan vere til hjelp.