Hypoparathyroidisme

Spørsmål

Heisan!
Jeg er mann på 47 år(1957). Ble operert for hyperthyreose(høyt stoffskifte) Jan.1989. Ved operasjonen ble det foretatt en utilsiktet fjerning av biskjoldbruskkjertenene(alle). Dette inngrep ble verken journalført og heller ikke innformert om til privatlege. Med påfølgende og vedvarende komplikasjoner.
Medisinering: AfID2-Forte(1 kapsel pr.dag), Calsigran(fler pr.dag), samt Tyroxin(11 pr.uke).
Mitt hovedspørsmål lyder som følger: Hvilke eventuelle konsekvenser/problemer vil jeg kunne få på kort/lang sikt som årsak ved bortfall av biskjoldbrukkjertlene?
Ønsker en således så ytfyllende og konkret besvarelse som mulig. Dog innenfor det som måtte være hensiktsmessig. Besvarelsen skal om mulig benyttes som vedlegg..(personlig)

Mann, 47 år

Svar

Hei
Biskjoldbruskkjertlane (lat. parathyroidea) er 4 ørsmå organ med vekt ca 40 mg (0,04g) kvar. Dei ligg to på kvar side av halsen i øvre og nedre del av skjoldbruskkjertelen. I biskjoldbruskkjertlane vert hormonet PTH laga. Viktigaste stimulus for produksjon av PTH er lågt kalsiumnivå i blodet. Cellene i biskjoldbruskkjertlane har sensorar for kalsium. Endringar i kalsiumnivået medfører raskt endringar i mengden PTH som blir sendt ut i kroppen. PTH verkar spesielt på celler i nyrer og bein. Summen av effektane av PTH er at kalsiumnivået i blodet aukar.

Operasjonar på biskjoldbruskkjertlane og skjoldbruskkjertelen er viktigaste årsak til sviktande produksjon av PTH. Ved fjerning av skjoldbruskkjertelen klarer ikkje kirurgen å unngå å fjerne biskoldbruskkjertlane hos ca 1%. Talet varierer noe og er først og fremst avhengig av kor teknisk vanskeleg operasjonen er og kor mange slike operasjonar kirurgen har gjordt før. Lamming av stemmebanda og fjerning av biskjoldbruskkjertlane er to velkjende og frykta komplikasjonar til operasjonar på skjoldbruskkjertelen. Pasientar som skal gjennomgå slike operasjonar skal informerast om dette. Det skal også skrivast i operasjonsnotatet om ein har funne biskjoldbruskkjertlane og kva som er gjordt for å unngå å fjerne dei.

Det er ingen bagatell å ha fått fjerna biskjoldbruskkjertlane. Det har to fysiologiske effektar - nemleg fall i kalsiumnivået i blodet og stigning i fosfatnivået. Lågt kalsiumnivå er det som har størst betydning. Litt redusert nivå gir lite plager medan svært låge nivå kan vere livstruande. Symptoma kan vere prikningar og stikningar i huden, muskelkrampar, epilepsi-liknande anfall, svakhet, angst og andre alvorlege psykiske avvik, hudforandringar, hjertesvikt, augeforandringar og meir til. Lista over symptom og funn er lang og eg kan ikkje ta alt med her.

Behandling av hypoparathyroidisme (=sviktande produksjon av PTH i biskjoldbruskkjertlane) har tradisjonelt vore tilskot av kalsium og vitamin D. Behandling med vitamin D kan gis som store doser vitamin D (td AFI-D2-forte) eller som aktivt vitamin D (td Rocaltrol eller Etalpha). Det vanlege idag er vel å gi kombinasjonen kalsiumtablettar og Rocaltrol eller Etalfa. Dette er imidlertid ei behandling som ikkje er utan risiko. Det er viktig å unngå at fosfatnivået blir for høgt då dette kan bidra til utfelling av kalsiumfosfat i ulike vev. Det ein er mest redd for er at kalsiumnivået skal bli altfor høgt. Tidlige symptomer på dette er trøtthet, hovudverk, kvalme, brekninger, tørste og svær urinproduksjon. Ubehandla er tilstanden farleg.

Ein annan risiko av behandling med kalsium og vitamin D i store dosar er at det går for mykje kalsium ut med urinen. Dette kan medføre forkalkningar i nyrene (nefrocalcinose) og /eller nyrestein. Nefrokalsinose kan medføre utvikling av sviktande nyrefunksjon (etter svært mange år). Det er derfor viktig å måle kor mykje kalsium som er i urinen. Dersom nivået er for høgt bør ein redusere dosen med kalsium/D-vitamin - om det er muleg. I tillegg går det an å bruke ei gruppe med blodtrykksmedisinar som blir kalt for thiazider. Desse medisinane held tilbake kalsium i nyrene.

Behandling for hypoparathyroidisme må altså følgjast opp med regelmessige målingar i blodet av kalsium og fosfat, og i urinen spesielt døgutskiljing av kalsium. Dette må følgjast opp livet ut.

Siste åra har ein gjordt forsøk med å behandle hypoparathyroidisme med 2 daglege injeksjonar med PTH. Fordelen med dette har vist seg å vere lågare nivå av kalsium i urinen. Denne behandlinga har ikkje slått gjennom på grunn av rapporter om utvikling av ein spesiell type beinkreft i rotteforsøk med PTH-injeksjonar. I tillegg opplever dei fleste det som meir komplisert å måtte setje sprøyter enn å spise tablettar. Det kan imidlertid alt no kanskje vere eit aktuelt alternativ for pasientar som har fått forkalkningar i nyrene eller nyrestein som komplikasjon til behandling med vitamin D og kalsium.