Skal jeg vaksinere barnet mitt?

Dette er et spørsmål som ofte stilles på helsestasjonen. Helsesøsteren forteller deg mer om dette.

GratisVaksinasjon av born og unge i Norge byggjer på eit tilrådd, frivillig vaksinasjonsprogram, hovudsakleg administrert gjennom helsestasjonane. Tilbodet er gratis. Om foreldre ønskjer alternative vaksinasjonsprogram, må dei kjøpe desse tenestene hjå privatlegen sin.

Tilrådd
Dei nasjonale tilrådingane for vaksinering av born og unge byggjer på forsking og erfaring frå eit breidt internasjonalt medisinsk fagmiljø. Programmet tek først og fremst sikte på å gje tidleg og godt vern mot sjukdommar som kan vere livstruande i sped- og småbarnalder.

Deretter er siktemålet å redusere forekomst, og dermed også komplikasjonar hjå born og vaksne, av dei tradisjonelle «barnesjukdommane».

Tilslutt er det ei uttalt målsetjing å halde oppe eit godt vern mot stivkrampe (tetanus), difteri, polio og tuberkulose i befolkninga. Borna vert grunnvaksinerete i spedbarnsalder. Oppfriskingsdosar vert gjevne i skulealder. Vaksinen mot tuberkulose vert gjeven i ungdomsskulen.

Det er dette tilbodet kommunehelsetenesta gjennom helsestasjonane og skulehelsetenesta er pålagt å administrere. Og det er dette tilbodet som er gratis.

Alternative medisinske og paramedisinske miljø tilrår av og til foreldre vaksinar gitt i andre kombinasjonar og til andre tidspunkt. Nokre frårår også vaksinering.

Foreldra tek avgjerdaVaksinering er frivillig i Norge. Det er difor du som forelder som skal ta denne avgjerda for barnet ditt. Ønskjer du derimot eit vaksinasjonsprogram som avvik frå det tilrådde norske vaksinasjonsprogrammet, kan du ikkje vente å få dette tilbodet ved helsestasjonen din. Du bør då i tilfelle ta kontakt med din private lege og kjøpe tenesta der.

Oppdatert 02.07.07 av Cecilie Arentz-Hansen, lege