Når barnet ditt har diabetes

Når barnet får diagnosen sukkersyke, ser mange foreldre for seg et liv med sprøyter og nedsatt livskvalitet. Hovedbudskapet fra barnelegen er: Lev livet som planlagt!

Dei fleste foreldre i Norge har høyrt om diabetes. Dei veit at barnet har sukker i urinen, dei veit at barnet må få sprøyter med insulin, og dei veit at barnet må vere påpasseleg med maten. Mange ser for seg eit framtidig liv med problem og bekymringar, og dei er urolege for barnet sin framtidige livskvalitet.Eit godt livRealiteten er at dei fleste born med diabetes lever eit godt liv. Dei kan vere med på det som born flest er med på. Dei skal vere med på den leiken som dei naturleg ville vere med i om dei ikkje hadde diabetes.

Dei som har evner til aktiv idrett, skal oppmuntrast til å drive med det. Borna skal ta del i fødselsdagsselskap og alle dei sosiale aktivitetane som dei ellers finn naturleg. Etter kvart som borna veks opp og går inn i ungdomsalderen, skal dei gå gjennom den frigjeringa og sjølvstendiggjeringa som høyrer ungdomsalderen til.

Leve livet som planlagtHovudbodskapen er at barnet sin diabetes ikkje skal stå i vegen for at barnet og familien skal kunne leve det livet som dei hadde tenkt å leve. Berre i minimal grad skal livsstilen forandrast, og berre i minimal grad skal draumar og ambisjonar måtte leggast til side. Her og nå skal familien sine rutinar i det alt vesentlege vere som før, og diabetesbehandlinga skal så langt det er mogeleg tilpassast særpreget til den einskilde familien.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Behov for gode rutinarDet som i varierande grad kan opplevast som ei belastning, er behovet for gode rutinar og regelmessighet.

Måltider: Barnet skal ete den maten som vi i Norge meiner er sunn og god normalkost, men det er viktig at måltida er planlagde og rimeleg regelmessige, og det er ikkje lurt å hoppe over måltid.

Blodprøver og sprøyter: Barnet og foreldra må lære og forstå korleis sjukdommen virkar og kva ein skal gjere for å halde den i sjakk. Det betyr at ein regelemessig må måle sukkerinnhaldet i blodet for å kunne vite korleis det varierer gjennom dagen, veka, månaden og året. Barnet må hugse å setje insulinsprøyta til omlag dei same tidene kvar dag.

Foreldra må lære seg å observere barnet og tolke det dei ser. Borna må lære å forstå signala frå sin eigen kropp når sukkernivået i blodet er for høgt eller lavt. Og dei må lære å forstå signala når kroppen har det bra eller noko held på å kome ut av balanse.

God hjelp frå mangeI starten, like etter at diagnosen er stillt, kan alt dette opplevast som uoverkomeleg. Med god hjelp frå fagfolk - og ikkje minst andre som har diabetes - vil alt dette etter kvart legge seg på plass og fungere flott.

Folk er ikkje like, og det skal vi vere glade for. Det betyr at ingen skal bli behandla som eit nummer i eit skjema. Opplegget for behandling og hjelp vil bli skreddarsydd etter den einskilde familien sitt behov.