Feber nå igjen...

Nok en dag hjemme fra jobben med sykt barn? Når minsten er syk er det ikke alltid lett for foreldre å vite når feber er ufarlig, og når det kan være alvorlig og lege skal kontaktes. Barnelegen gir deg råd om hva du bør passe på.

Hva er feber?Hos born kallar vi det feber når temperaturen ved måling i endetarmen er over 38 grader.

Feber er ingen sjukdom, og er i seg sjølv ikkje farleg. Feber betyr at kroppen sitt immunsystem fungerer. Kroppen sin termostat blir skrudd opp nokre hakk fordi høgare temperatur er med på å slå tilbake invaderande virus eller bakteriar.

Hos born er feber så vanleg at den berre sjeldan er varsel om ein farleg infeksjon.

Nokre sjeldne ganger kan feber like vel vere eit varsel at barnet har fått ein alvorleg infeksjon som må behandlast.

Difor skal feberen heller ikkje ignorerast. Når barnet ditt har feber, skal du halde eit auge med korleis tilstanden utviklar seg. Du skal vite kva tid du skal reagere og kontakte lege.

Nokre ganger kan vi samstundes med feberen kjenne oss slappe, ha lyst til å sove eller ha vondt i kroppen. Dette er signal frå kroppen om å ta det med ro, skru ned farten og kanskje krype under dyna.

Kva skal du observere?Når barnet ditt har feber, vil det vere fornuftig å ha førebudd ein plan for korleis du skal tenkje og handle. Denne planen kan delast i tre deler:

1) Vit kva du skal observere:
- Hudfarge - bleik eller raud og varm.
- Temperatur.
- Om barnet er vedvarande slapt, eller kviknar til når temperaturen har stabilisert seg, eller når det er gitt febernedsetjande medisin.
- Oppkast.
- Utslett som ser ut som små blødningar i huda (bleiknar ikkje når det blir trykt eit glas mot huda).
- Vondt i hovudet?
- Graden av kontakt med barnet.
- Aktivitetsnivå.
- Interesse for det som skjer ellers i rommet?
- Irritabilitet eller vedvarande skriking?
- Tungt å puste?
- Stiv nakke?
- Ork eller evne til å drikke.

2) Sørg for at barnet ditt har det bra: - Send ikkje barnet i barnehage eller skule utan at barnet orkar å å ta del i dei vanlege aktivitetane.
- Lat barnet få kvile og ta det med ro med fredelege aktivitetar.
- Ver tilgjengeleg for barnet, ta det med ro sjølv og lat det husarbeidet ligge som kan utsetjast.
- Tilby regelmessig noko å drikke - heller lite og ofte enn mykje og sjeldan.
- Lat barnet vere lettkledd utan å fryse.
- Tilby teppe eller dyne når barnet er frostig på grunn av temperaturstiging - og ta dette bort når frosten har gått over.
- Dersom barnet har det bra, er der ingen grunn til å prøve å senke temperaturen.
- Dersom barnet har ubehag av feberen, kan du gi feberenedsetjande medisin i form av paracetamol (Paracetamol®, Paracet®, Panodil®, Pinex®, Pamol®).

3) Vit kva tid du bør kontakte lege:
Berre når barnet virker alvorleg sjukt er det nødvendig å søke lege. Teikn på alvorleg sjukdom kan vere at barnet:

- gir dårleg kontakt, er vedvarande uinteressert,
- ligg heilt passivt,
- er vanskeleg å vekke,
- er vedvarande bleik,
- er stiv i nakken,
- får utslett som ikkje bleiknar under trykk av eit glas,
- er tung i pusten,
- vedvarande hoste med rikeleg sliming,
- skrik vedvarande,
- har vondt for å svelge,
- har temperatur over 40 grader etter behandling med paracetamol,
- vil ikkje ta til seg næring eller væske,
- kastar opp.

Temperatur over 40 grader betyr likevel oftast at barnet ikkje er alvorleg sjukt. Vedvarande temperatur kring eller over 39 grader i meir enn tre døgn, kan vere grunn til å rådføre seg med lege. Hos born under 3 mndrs. alder skal ein alltid reagere på temperatur over 38 grader. Hos desse borna bør ein også reagere tidleg på hoste og/ eller tung pust.

Etter 3 månaders alder avgjer oftast ikkje feberen aleine om lege skal kontaktast, men kva teikn til sjukdom barnet har i tillegg til feberen.

Ved feber skal barnet alltid observerast. Sjå til barnet før de foreldre legg dykk. Stå opp minst ein gang i løpet av natta (kl. 3-4), og gjer dei skisserte observasjonane. Utslett, hudfarge og kontakt etter vekking er det viktigaste.