Det er så vondt!

Det er ikkje så uvanleg at born har smerter - eller vondt - i kroppen utan at ein fysisk sjukdom er forklaringa. Styrken på smerten kan variere frå det som kan kallast vanlege og heller uskuldige plager til dei daglege og sterke smertene som klart går ut over barnet sin trivsel og livskvalitet.

Vi gjør oppmerksom på at denne artikkelen ikke er oppdatert de siste to årene. Utviklingen innen medisin går raskt, og informasjonen kan derfor være foreldet.

Publisert
Sist oppdatert

Du vil fra 1. mai 2023 ikke finne noe nytt innhold på Lommelegen. Vi jobber med å avvikle siten. Inntil videre kan du fortsatt lese alt innholdet som før. Lommelegens rådgivningstjeneste ble lagt ned fra 1. mai 2023 og det er ikke lenger mulig å sende inn helsespørsmål til Lommelegen.

Har du spørsmål om personvern? Send en mail til pvo@aller.com. Andre spørsmål kan sendes til kundeservice@aller.no..

PS: Artiklene på Lommelegen er laget for å gi deg generell kunnskap og skal ikke erstatte medisinske råd eller behandling hos helsepersonell. Oppsøk lege hvis du trenger medisinsk hjelp.

Gruer seg eller reelle smerter?Smertene kan sitje i hovudet, i magen, i ryggen eller i beina. Ofte er der faktisk ein samanheng mellom desse ulike smertetypene. Barnet som tidlegare har hatt voksesmerter i beina eller stadig tilbakevendande magesmerter, melder seg kanskje i høgare barne-eller ungdomsalder med plagsame hovudsmerter.

Mange foreldre synes at det er vanskeleg å vurdere om barnet har vondt eller om det seier det for å sleppe unna skule eller noko anna dei ikkje har lyst til. Når du ser at barnet ditt blir bleikt, at han eller ho kjenner seg dårleg og mest av alt ønskjer å få trekke seg tilbake til senga og få ro, skal du ikkje tvile på at smerten er ein realitet.

Vanleg helseproblem i barne- og ungdomsalderenVondt i hovudet blir oppfatta som ei av hovudårsakene til at born held seg heime frå skulen. Ved 12-års alderen opplyser 1 av 3 jenter at dei har vondt i hovudet minst ein gang per veke, 1 av 5 gutar fortel det same.

Vi veit at også små born har denne typen plager eller smerter - kanskje til og med før dei har eit godt nok utvikla språk til å forklare problemet. Småborn i 3 til 5 års alderen vil kanskje vere skrikete og utilpass, bli bleike eller kvalme, eller halde seg for hovudet. Først nærare skulealderen greier dei vanlegvis å setje gode ord på problemet og seie noko både om kor sterk smerten er og korleis dei opplever det å ha vondt.

Dei fleste born og vaksne har hovudverk meir sporadisk, først og fremst i periodar når vi er trøytte eller slitne. Oftast opplever vi ikkje dette som eit vesentleg problem. Vi har tilfredsstillande metodar for å kome seg ut av hovudverken, og ser ikkje på dette som noko som reduserer livskvaliteten.

Men når hovudverken vender tilbake kvar einaste veke, og er så sterk at ein set ord på det eller gjer noko for å stoppe den, er den eit vesentleg helseproblem.

1-2% av born og tenåringar har hovudverk nærare kvar dag, og for dei kan plaga vere klart hemmande.

Kan det vere tegn på noko farlig?

-Dei fleste born opplever hovudverk av og til, og berre ytterst sjeldan finn at årsaka er ein farleg sjukdom. Vi kan grovt dele hovudverken inn i tre grupper:

-Spenningshovudverk. Dette er den største gruppa av hovudverk. Den utgjer kanskje 80% av tilfella.

-Migrene. 10-15% av born med plagsam hovudverk har migrene. Migrene kan finnast i opp mot 4% av barne-og ungdomsgruppa.

Tidlegare skade. Hos ei lita gruppe born og unge med plagsam hovudverk, er smerten ein følgje av tidlegare skade av hovudet eller hjernen, eller ein følgje av gjennomgått hjernehinnebetennelse eller hjernebetennelse. Hovudverken kan då vere kombinert med konsentrasjonsvanskar. Jamvel om denne gruppa er lita, er den særs viktig å gripe fatt i for å gi fagleg god hjelp. Berre hos ei særs lita gruppe born med plagsam hovudverk er hjernesvulst årsaka, og hos desse borna er der nesten alltid også andre symptom i tillegg til hovudsmerten.

Undersøking og vurdering hos allmennlegen
Det er vanlegvis tilstrekkeleg med vanleg undersøking hos ein allmennlege når eit barn klagar over hovudsmerter. Det er som regel ikkje grunnlag for å gjennomføre CT (computer-røntgen) ved desse tilstandene.

Kva kan vi gjere?Tre tilnærmingar til hovudverk:

-1. Du som forelder må få vite kva tid du skal eller kan søke hjelp.

-I dei fleste tilfella treng ein ikkje søke legehjelp ved hovudverk, fordi hovudverken har ei naturleg forklaring som ligg heilt oppe i dagen

-Dersom hovudverken har ein tendens til å kome igjen og igjen over fleire månader, og går ut over barnet sin trivsel, livskvalitet og naturlege aktivitet, vil allmennlegen kunne klargjere tilstanden og gi nødvendig hjelp.

-Ein bør også søke lege dersom hovudverken over ein forholdsvis kort periode kjem stadig hyppigare og smerteintensiteten aukar raskt, eller dersom barnet endrer atferd, barnet beveger seg ustøtt eller mister førlighet, eller kort og godt virker sjukt.

2. Du må vite noko om smertestillande medikament.-Ved vanleg hovudverk vil ein få dei viktigaste smertestillande medikamenta utan resept: Paracetamol (Paracetamol®, Paracet®, Panodil®, Pinex®, Pamol®) eller Ibuprofen (Ibux®, Brufen®, Ibumetin®). Ibuprofen skal ikkje nyttast dersom liknande preparat eller acetyl salicylsyre har gitt astma eller andre allergiske reaksjonar, ved magesår eller lever-eller nyresvikt.)

-Acetyl salicyl skal vanlegvis ikkje brukast til born, og kan særleg vere farleg for dei yngste borna (Dispril®, Albyl®, Globoid®, Globentyl®) (kjent som Aspirin® i USA).

-Sterkare, reseptpliktige smertestillande medikament skal ein vere særs varsam med å bruke gjentekne ganger.

-Ved migrene finst det særlege medikament.

3. Du må kunne hjelpe barnet til å forebygge og kontrollere hovudverken på andre måtar. Dette vil eg kome tilbake til seinare i ein annan artikkel. Men det vil vere bra om de:-får barnet til å trekke seg tilbake til rolege omgivnader når hovudverken er til stades,

-finn ut kva situasjonar som framkallar hovudverken,

-prøver å finne ut om der er problemsituasjonar som forsterker eller utløyser hovudverken,

-har ei klar målsetjing om at hovudverken skal føre til minst muleg skulefråver og minst muleg gå ut over sosiale aktivitetar som barnet trivst med,

-Saman med barnet prøver å registrere systematisk hyppighet, intensitet og konsekvensar av hovudverken , i nært samarbeid med behandlande allmennlege. Det gjer ein best ved å føre dagbok.

Til sist vil eg sitere ein kollega:
Dersom barnet ditt har mykje plager med hovudverk, må du ikkje berre gi deg over til skjebnen, men ta opp kampen og ta styringa sjølv - og søke hjelp der hjelp måtte vere å finne.

Artikler på Lommelegen er skrevet av leger, sykepleiere, andre helsefaglige yrkesgrupper eller journalister. Forfatter, helseprofesjon og dato oppgis på alle artikler.

Vi har strenge retningslinjer for hvilke kilder vi bruker i våre artikler, og vi fremmer ikke fenomener som ikke er vitenskapelig bevist, som for eksempel alternativ behandling.

Lommelegen arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Vi ønsker at våre medisinske artikler skal være så nøyaktig som mulig, og hvis du finner noe feil eller unøyaktig informasjon i våre artikler, kontakt redaksjonen. Artikler som er utdatert er merket.

Les mer om medisinsk kvalitetssikring
Mer om

Vi bryr oss om ditt personvern

Lommelegen er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer