Behandling ved diabetes type 1

Med særs få unntak skal alle born med diabetes behandlast med insulin. Det vanlege er at barnet blir lagt inn på sjukehus for å starte behandlinga same dagen som diagnosen blir stillt, eller dagen etter.

SykehusundervisningOmtalen av behandlinga kan berre bli ganske kort i dette kapittelet. Når barnet har fått diabetes, vil sjukehuset gjennom eit systematisk opplæringsprogram forklare og instruere barnet og foreldra korleis sjukdommen virker, korleis kroppen virker, korleis maten blir brukt av kroppen, korleis insulin virker og skal brukast, og korleis ein skal finne ut at ting er bra.

Etter kvart vil både barnet og foreldra bli ekspertar. Helsepersonellet - som kjem til å ha regelmessig kontakt med barnet i årevis - får gradvis rolla som samarbeidspartnerar i staden for å vere behandlarar som bestemmer alt.

StartbehandlingaVanlegvis starter behandlinga så snart barnet er blitt innlagt på sjukehuset. Oftast får barnet intravenøs væske. Det vil seie at det gjennom blodåra blir tilført saltvatn, etter nokre timar også sukkervatn.

Så snart kroppen sin ubalanse er retta opp, får barnet også mat. I starten blir også insulin gitt intravenøst - det vil seie inn i blodåra ved hjelp av ei pumpe som går kontinuerleg. Mengden insulin blir styrt av blodsukker-målingar, i starten kvar time - etter kvart sjeldnare.

Når ein meiner at blodsukkeret held seg på eit tilfredsstillande nivå, går vi over til å gi insulin med vanlege sprøyter gjennom huda. For å sikre at tilførselen av væske og insulin er passeleg, må det takast mykje blodprøver den første tida.

Den vidare behandlingaI korte trekk kan vi dele behandlinga inn i nokre hovudprinsipp:

Tilføre insulin gjennom sprøyter kvar dag.
- Ete tilstrekkeleg mat for å ta igjen det forsømte og for å vokse normalt seinare.

- Regulere insulinmengda i forhold til dei naturlege variasjonane i matmengde, fysisk aktivitet og andre ting som påvirkar kroppen. Måling av innhaldet av sukker i blodet og urinen gjer insulinreguleringa enklare.

- Bruke kroppen - vere fysisk aktiv og delta i leik og evt. sport og idrett.

- Innarbeide gode rutinar - og vite kva som skal gjerast når rutinane vert brotne.

- Passe på å ha det bra

Insulin- Vanlegvis skal barnet ha insulinsprøyte 2 eller 3 ganger kvar dag etter utskrivinga frå sjukehuset, og oftast blandar ein to typer insulin i sprøyta.

Den eine insulintypen virker raskt, men virkninga går fort ut av kroppen ("hurtigvirkande insulin"). Den andre sorten virker langsommare, men varer lenger ("langsomtvirkande insulin"). Ideelt burde insulin sprøytast kontinuerleg inn i kroppen ved hjelp av ei pumpe, der mengda heile tida varierer etter kor mykje glukose der er i kroppen. Noko slikt er temmeleg vanskeleg å gjennomføre, men systemet finst i ei tillempa form for eldre ungdommar og vaksne.

Ein annan måte er å gi hurtigvirkande insulin før kvart einaste måltid. Det er ikkje uvanleg, men krever ein del erfaring. I alle fall i småbarnsalderen tyr vi difor til kompromisset med 2-3 sprøyter for dagen med blanding av dei to insulintypene. Den totale mengda insulin som trengst i løpet av døgnet kan variere frå dag til dag eller veke til veke. Dette vil barnet og foreldra lære å finne ut av.

På sjukehuset vil foreldra og større småborn lære å setje sprøytene sjølve. Etter kvart vil barnet overta sprøytesetjinga. Men gløym ikkje at barnet - enten det er stort eller lite - av og til har behov for ei hjelpande og avlastande hand frå foreldra, uavhengig av kor dyktig barnet er til å greie ting på eiga hand.

MatEin diabetikar skal ha det vi kallar sunt normalkosthald. Såleis er det feil å tale om diett.

For det første skal barnet til ei kvar tid ha nok mat, slik som alle andre born. For det andre må vi ta omsyn til dei daglege variasjonane i matlyst, slik at evnen til å kjenne svolt og metthet ikkje går tapt i løpet av oppveksten.

Men fordi vi er nøydde å gi insulin til faste tider 2-3 ganger per døgn, i staden for å kopiere kroppen sin metode med å produsere insulin som respons på at vi har ete noko, må måltida kome nokolunde regelmessig og med ikkje alt for lange mellomrom. Og i den grad det er mogeleg bør matmengda frå dag til dag ikkje variere for mykje. Det er dette som er kunsten, og det er ofte dette som er den største kjelda til fortvilelse.

Vi legg stor vekt å tilpasse våre kosttilrådingar til det som er familien sine gamle rutinar. Då er det viktig å hugse: Livet er ein veg fyllt av kompromiss. Lat ikkje det beste bli det gode sin fiende. Dersom vi ikkje av og til tillet oss å bryte nokre av dei gode og velmeinte reglane, kan livet kanskje bli litt flatt.

Det er lov å "skeie ut" av og til, men lær dykk korleis det virkar. I fødselsdagsselskap skal barnet med diabetes få lov å ete den ordinære festmaten. Og familien - og diabetsbarnet - skal ikkje slutte å ha festmat av og til. Også godteri er lov - men få bruken inn i gode rutinar.

Sukkertyper
Det gamle namnet "sukkersyke" kan oppfattast som at diabetikaren vert sjuk av sukker. Det er feil. Sukker er ikkje gift. Men kroppen må få tilført ekstra insulin for å bruke sukkeret.
I korn-og mjølprodukt, poteter og grønsaker er der rikeleg med stivelse. Ulike sukkerarter finn vi i frukt og bær og i matvarer som er tilsatt vanleg sukker. Stivelse og sukker kallar vi karbohydrat. I kroppen blir dei ulike formene for karbohydrat omdanna til ein sukkertype som vi kallar glukose.

Glukose er drivstoffet vårt, omlag som bensin for ein motor. Dersom cellene i kroppen ikkje får tilstrekkeleg med glukose, går maskineriet for sakte.

Leik og fysisk aktivitetFor det første skal barnet leve eit naturleg og normalt sosialt liv. Og då er leiken saman med andre det aller viktigste. Fysisk aktivitet og god fysisk form "stabiliserer" insulinbruken.

Men ver merksam på at på dagar med høg fysisk aktivitet må enten insulinmengda reduserast eller matmengda aukast. Det vil de finne ut ved å måle blodsukkeret. Deltaking i leik og vanlege aktivitetar saman med andre born er det viktigste tiltaket for å gjere barnet trygt med sin diabetes.

God livskvalitetTenk gjennom kva som er viktig for dykk foreldre, for syskena og for barnet med diabetes for å oppretthalde ein god livskvalitet. Ta vare på og prøv å utvikle desse kvalitetane, og finn ut om god livskvalitet og god diabetesomsorg er motstandarar eller gode medarbeidarar.