Unormale blodverdier og dårlig oppfølging

Hei. Eg er ei kvinne på 35 år, normal BMI. Det siste året har eg hatt lave verdiar av dei kvite blodcellene, og høg bilirubin (25). I dag er dei nøytrofile 0,7 og leukocyttane 2,1, noko som er nokså likt slik statusen var i vår. Fastlegen henviste meg vidare til hematologi vår, og det vart sendt blodprøver til Radiumhospitalet for analysering. Eg tok også beinmargsbiopsi og ultralyd av lever og nyrer. Prøvesvara viste at det ikkje var leukemi, men der var eit positivt utslag på eit antistoff (?). Hematologen skulle henvise meg vidare til revmatolog, men har enno ikkje gjort det, trass i gjentekne purringar. Eg opplever det som vanskeleg at det ikkje blir tatt tak i dette, og er redd for at det kan vere ein autoimmun sjukdom eller noko anna kronisk.
Eg er litt plaga med sår i munnhola og sprekker på fingrane, samt acne. I tillegg har eg det siste året dessverre blitt plaga av "likfingrar" når temperaturen er lavare enn 5 grader ute, -utan at eg veit om dette kan ha ein samanheng. Eg har tre barn fødd ved keisersnitt og gikk gjennom ein rekonstruerande bukoperasjon for 3,5 år sidan, så eg trur dei hadde lagt merke til lave kvite blodcelleverdiar om dei var lave då. Eg hadde ein episode med hoste og influensa i vår, og vart då send til røntgen for å utelukke lungebetennelse pga lave nøytrofile.
Har du ein idé om kva dei lave verdiane kjem av? Fastlegen min seier at det jo ikkje er bra at eg har desse lave verdiane, men det verkar ikkje heilt som om ho veit kvar ho kan henvise meg.
Skal eg berre akseptere at verdiane er lave og ikkje tenkje meir på det? Eg tek i mot tips og råd med stor takk!

kvinne
35
Hei,

Jeg kan dessverre ikke spekulere på hva som er feil med deg fordi jeg for det første ikke vet om ditt bilirubin var direkte eller indirekte, og ikke vet hvilket antistoff du slo ut på. Når det er sagt, er såkalte "likfingre" vanlige i noe som heter Raynaud syndrom, en autoimmun sykdom som av og til også kan være tilstede ved andre autoimmunsykdommer.
Jeg synes ikke du bare skal akseptere dette, og jeg vet ikke om det er mulig for deg å enten gå til en privat revmatolog eller å stille opp på legekontoret ditt til fastlegen din eller hematologen din faktisk gir deg en rekvisisjon til en revmatolog. Det virker rart på meg at dette ikke har blitt gjort. Ellers kan jo også fastlegen din se på blodprøvene dine og finne ut hva som feiler deg og så bestemme seg, ville jeg tro. Det viktige her er å se på hva slags bilirubin som er høyt, og så kan man gå videre til en diagnose etter det. Det er også viktig å finne ut hvilket antistoff du slo ut på da det også kan gi en pekepinn mot en endelig diagnose.

Du trenger oppfølging.

Mvh,

Nina Bryhn, MD