Lommelegen tekst
Søk blant 44,441 spørsmål og svar.

Hypotyreose - lavt stoffskifte

Hormonsystemet:

Hypotyreose - lavt stoffskifte

Lavt stoffskifte er det folkelege namnet på sjukdomen hypotyreose. Sjukdomen skuldast at skjolbruskkjertelen produserer for lite av hormonet tyroksin. Konsekvensane er kroppslege og mentale plager som lett kan forvekslast med andre sjukdomar.

Forvirrande uttrykk
Kompliserte og upresise ord og uttrykk kan gjere diskusjonen om hypotyreose vanskeleg. Hypotyreose betyr -lav funksjon i skjoldbruskkjertelen-. Ordet stoffskifte omfatter alle kjemiske prosessar som foregår i cellene i kroppen. Ved hypotyreose går svært mange av desse prosessane tregare enn normalt - av dette kjem namnet lavt stoffskifte. Eit mykje brukt uttrykk som likner på -lavt stoffskifte- er -lav forbrenning-. Dei som har -lav forbrenning- vil ha lett for å leggje på seg, men er vanlegvis elles friske.  Dei som har lavt stoffskifte har også lav forbrenning, men dei har i tillegg andre symptom som ikkje er forårsaka av det lave kaloriforbruket.


Kva funksjon har skjoldbruskkjertelen?
Skjoldbruskkjertelen ligg foran på halsen like nedanfor strupehovudet. Kjertelen inneheld ca. 3 millionar kuleforma blærer. Inne i blærene vert det livsviktige stoffskiftehormonet tyroksin produsert.
Kor mykje tyroksin som skal produserast blir styrt frå hjernen via hypofysen. Hypofysen påverkar skjoldbruskkjertelen gjennom å lage skjoldbruskkjertelstimulerande hormon (TSH). TSH stimulerer til høgare produksjon av tyroksin. Dersom skjoldbruskkjertelen sin produksjon av tyroksin avtar, sender hypofysen meir TSH ut i blodbana. Tyroksin flyt med blodet ut til alle cellene i kroppen. Her blir tyroksin omdanna til triiodtyronin som forenkla blir kalla T3. Det er T3 som i hovudsak utøver den stoffskifteregulerande effekten. Tyroksin og T3 påvirker og auker tempoet i svært mange av dei kjemiske prosessane i kroppen.


Spanande historie
Organet som vi kaller skjoldbruskkjertel skal vere omtalt av Galen (130-200 e.Kr), men ein detaljert anatomisk beskrivelse vart først gitt av Vesalius i år 1543 e.Kr.  Hypotyreose vart første oppdaga i England i 1873 av sir William Gull. Pasientar med hypotyreose døydde gjerne 10-15 år etter at sjukdomen var konstatert. Det fanst ingen behandling. I 1891 behandla den engelske legen George Murray for første gong ein pasient med hypotyreose ved hjelp av injeksjonar med ekstrakt av skjolbruskkjertel frå sau. Kort tid etterpå oppdaga Murray at ein kunne lage spiseleg skjoldbruskkjertelpulver frå dyr. I meir enn 60 år var dette behandlinga for hypothyreose. Behandling med tablettar med tyroksin blei vanleg frå ca 1960.
Oppdaginga av hypotyreose og utvikling av effektiv behandling var ein stor triumf for moderne medisin. Ein sjukdom som tidlegare medførte store plager og i mange tilfelle døden, kunne no helbredast med ein enkelt pille om dagen.


Kor vanleg er hypotyreose?
Alle nyfødde i Norge får tilbod om testing for hypotyreose. Ein oppdagar på denne måten årleg knapt 20 spedbarn med sjukdomen. Kor mange som utviklar hypotyreose i løpet av oppveksten er usikkert, men det kan vere så mange som 1 %. I åra 1995-97 vart det i Nord-Trøndelag gjennomførd ei omfattande helseundersøkjing av så godt som alle vaksne. Ein fant at 4,8 % av kvinnene og 0,9 % av mennene hadde kjent hypotyreose. I tillegg hadde 0,9 % av kvinnene og 0,4 % av mennene -lavt stoffskifte- som var kjent frå før. I Noreg er det ca 70 000 personar som bruker tablettar med tyroksin.



 

Vi gjør oppmerksom på at innholdet i denne artikkelen er mer enn to år gammel. Utviklingen innen medisin går raskt, og informasjonen kan derfor være foreldet. Du bør derfor vurdere å skaffe deg et oppdatert svar fra en av våre leger, eller din egen fastlege.

Spør en av våre erfarne leger og fagfolk

Vi tilbyr informasjon om symptomer, sykdommer, skader, samliv og seksualitet. Dersom du ønsker det, kan du velge 100% anonymitet.