Hva er diabetes type1?
Cellene treng sukkeret glukose for å virke
Når vi får i oss mat, blir maten omdanna til alle dei stoffa som trengst for å drive kroppen sitt maskineri og bygge opp og reparere kroppen. Kvar celle i kroppen er ein liten fabrikk, og dei ulike cellene har spesialiserte oppgåver.
Felles for alle cellene er at dei treng glukose for å gjere jobben sin.
Insulin transporterer glukose inn i cellene
For at glukose skal bli transportert frå blodet og inn i cella, må glukosemolekylet få transporthjelp frå hormonet insulin.
Insulin blir produsert i bukspyttkjertelen, med det latinske namnet pancreas.
Pancreas er ein stor kjertel som ligg djupt inne i bukhola. I tillegg til å tøme fordøyelsessafter inn i tarmen, produserer pancreas insulin, som den sender direkte ut i blodet. Så snart pancreas registrerer at blodet inneheld ei viss mengde sukker (glukose), svarer den med å sende ein viss mengde insulin gjennom blodet til cellene for å transportere glukosen på plass.
Ved diabetes produseres ikkje nok insulin
Ved diabetes greier ikkje pancreas å produsere tilstrekkeleg insulin, fordi dei insulinproduserande cellene er blitt skadde. Fordi der ikkje er nok insulin for å løyse transportoppgåvene, vil sukkeret som er blitt sugd opp frå tarmen hope seg opp i blodet.
Det ubrukte sukkeret renn ut i urinen
Når sukkerinnhaldet i blodet (vanlegvis kalla blodsukkeret) blir for høgt, "renn det over" når det kjem til nyrene. Det kjem sukker i urinen - urinen blir sukkersøt. Alle som har laga melisglasur har erfart at sukker trekker til seg vatn. Sukkeret i urinen trekker med seg meir vatn enn det som var meininga.
For det første tissar barnet meir enn vanleg - begynner kanskje å tisse seg ut om natta? For det andre blir barnet tørst, og begynner å drikke meir enn vanleg.
Kroppen blir tørr, sur og underernært
Gradvis ballar dette på seg, slik at barnet tisser meir enn det greier å ta inn gjennom drikke. Gradvis blir kroppen tørr, og kjem i ubalanse.
I kroppen sine celler oppstår det også problem. Cellene må ha glukose frå blodet for å fungere. På kort sikt løyser kroppen dette ved å omdanne feittlageret til sukker. Men denne måten å produsere sukker har biverknader. Det blir danna nokre syrer som vi kallar ketoner. Gradvis blir kroppen sur, og kjem i ubalanse. Kroppen får ikkje tilført den næringa den skal ha, og kjem i ubalanse.
Barnet er sjukt
Når kroppen blir tørr, sur og underernært, ser vi at barnet er sjukt.
Symptomer ved diabetes
Symptoma og problema ved diabetes kjem gradvis, men foreldra merker etter kvart at noko er gale:
- Barnet tisser og drikk meir enn vanleg, tisser seg kanskje ut.
- Barnet blir gradvis i dårleg form. Matlysta går ned. Den gode vektutviklinga stoppar opp, kanskje går vekta ned.
- Diagnosen er lett å stille når vi først har mistanke om diabetes:
- Ved ei enkel urinprøve blir det påvist sukker i urinen.
- Ei enkel blodprøve syner at blodsukkeret er høgare enn normalt.
Når diagnosen er stillt - kva gjer vi då?
Med særs få unntak skal alle born med diabetes behandlast med insulin. Det vanlege er at barnet blir lagt inn på sjukehus for å starte behandlinga same dagen som diagnosen blir stillt, eller dagen etter.
