Lommelegen tekst
Søk blant over 37.000 spørsmål og svar.

Brukar eg astmamedisinen rett?

Nedre luftveier og lunger:

Brukar eg astmamedisinen rett?

Frå ei mor til ein treåring med allergi, astma og eksem har vi fått eit spørsmål omkring gjennomføringa av astmabehandlinga. Spørsmålet har så stor allmenn interesse at vi vil svare på ein slik måte at også andre foreldre kan ha nytte av å få dei råda som eg vil gi.
Artikkelen er publisert 01.01.2000
Artikkelen er oppdatert: 18.05.2007


Emne: Er barnet mitt godt nok medisinert?

Jeg har en sønn på 3 år som har atopisk eksem, allergi og astma. Astma siden mars 1999. Har vært til utredning ved sykehus, og ble i sommer satt på Flutide 50 mikrog/ dose inhalasjon, en dose inhalasjon morgen og kveld. Har i tillegg ventoline inhalasjon som vi bruker ved behov. I sommer har han vært relativt fin i pusten( ca. ett anfall i uken)og vi har da ikke brukt Flutide, kun ventoline ved anfall. Nå på høsten har han fått hyppigere anfall,hoster og slimer mer, så vi har startet opp med Flutide igjen morgen + kveld. ( Ca 3 uker siden ) Han har likevel mye hoste, spesielt om natten, hoster så han brekker seg, og blir tungpustet flere ganger om dagen og spesielt om natten.De siste dagene har vi tatt Ventoline 3 ganger daglig i tillegg til flutide.

Spørsmålet mitt er om han er godt nok medisinert,og hvor lang tid det går før Flutiden har maksimal effekt? Hvor ofte kan vi ta ventoline, og hva gjør vi når han har fått maks antall ventolindoser og han fortsatt er obstruktiv?

Kan det være en ide å gi han NaCl på forstøver når han slimer som verst, for å tynne/ løse opp tykt slim? Takknemlig for svar!

Mamma, 31


Kjære mor til barn med astma
Du har ein gut på tre år som er allergisk, og han har både astma og atopisk eksem. Astmaen har han hatt i alle fall frå han var 1 ½ år gammal. Du er blitt tilrådd å gi han Ventoline og Flutide for å få kontroll med astmaen. Men i sommar har du sløyfa Flutide fordi han tydeleg vis har vore betre i pusten enn tidlegare, med «berre» eitt anfall per veke. Du har valt berre å gje Ventoline for å kontrollere og dempe anfallet, og ikkje gitt den forebyggande og beskyttande medisinen Flutide. Nå har han fått tilbake dei gamle plagene med hyppigare hoste, sliming og det du kallar anfall. Han har plager om natta, og han blir tungpusten fleire ganger i løpet av både natta og dagen.

Du lurer på om
-han er godt nok medisinert med Flutide
-han kan få Ventoline oftare enn 3 ganger per døgn
-inhalasjon av saltvatn via forstøver kan vere nyttig for å få kontroll med sliminga.

Spørsmåla som du stiller er heilt sentrale når det gjeld god behandling av astma, og du er langt frå aleine om å stille nettopp desse spørsmåla. Difor vil eg gi ei litt omfattande forklaring i staden for berre konkrete svar på spørsmåla dine. Men kort vil eg slå fast at guten din burde ha brukt Flutide også i sommar, døgnmengda av Flutide bør aukast nå når han er sjuk, og du bør gi Ventoline oftare.

Om du også skal gi saltvatn via forstøverapparat - med eller utan Ventoline - er vanskelegare å svare på. Det kan vere nyttig, men oftast kjem ein til målet med den vanlege måten å gi medisin. Dette må legen din avgjere.

Kontakt barnet sin faste lege
Barnet ditt har ein kronisk astma som ikkje er mogeleg å halde i sjakk utan at guten din får medisin av typen Flutide regelmessig kvar dag gjennom heile året. Noko av det typiske ved astmasjukdommen er at den varierer så sterkt i løpet av året, og medisinen må difor brukast i varierande mengder alt etter kor mykje plager guten har til ei kvar tid. Denne reguleringa av medisinmengden må de foreldre lære gjennom erfaring - i eit nært samarbeid med den allmennlegen som har teke på seg ansvaret for behandlinga. I praksis er det vanlegvis den legen som har tilvist han til utgreiing på sjukehuset.

For å gi eit godt og konkret svar til nettopp deg, må legen kjenne guten og særpreget ved astmaen hans. Behandlinga må «skreddarsyast», og det får ein berre til ved regelmessige samtalar og veiledningar, oftast på bakgrunn av dei erfaringane de gjer undervegs.

Astmasymptoma er uttrykk for ein kronisk betennelse
i dei aller minste luftrøra - som vi kallar bronkioler. Oftast er allergi årsaka til denne særprega astmabetennelsen. Det skulle ikkje forundre meg om guten din er allergisk mot dyr, og dyrehår vil han møte over alt - ikkje minst i barnehagen. Regelmessig kontakt med det som han er allergisk mot held betennelsen ved like, til tross for at kroppen gjer alt den kan for å slå betennelsen tilbake - eller reparere skaden, for å bruke andre ord.

Det er typisk ved denne typen allergi at plagene vert verre til hausten, fordi barnet då er meir inne og det blir lufta mindre i husa. Denne allergibetinga skaden av dei minste luftrøra svekkar det lokale forvaret mot virusinfeksjonar. Små og tilsynelatande uskuldige virusangrep - f.eks. av diverse forkjølingsvirus - får fotfeste i bronkiolane og forsterker astmabetennelsen og skaden, som igjen svekker det lokale forsvaret mot dei allergiframkallande stoffa.

Det som til vanleg kanskje er ei uskuldig mengde dyrehår i miljøet, overstig kanskje den mengden dyrehår som kroppen greier å halde i sjakk. Barnet og astmaen kjem inn i ein vond sirkel.

Kortison til innpusting er det einaste som hjelper
for å dempe denne astmabetennelsen og for å reparere den skaden i luftrørsveggen som kroppen ikkje greier å ordne på eiga hand. Dei to viktigaste kortisonpreparata er Flutide og Pulmicort. Difor må barnet få kortison heile tida dersom der utan medisin ville vere astmasymptom så ofte som ein gang per veke. Og dersom barnet har symptom til tross for regelmessig bruk av kortison, må kortisondosen aukast.

Dersom barnet er fullstendig symptomfritt gjennom sommaren - og då meiner vi at det heller ikkje er behov for Ventoline - kan ein forsøke å gi barnet ein liten «ferie» frå medisinen. Men straks symptoma melder seg, må ein starte for fullt med tilstrekkeleg mengde av Flutide eller Pulmicort.

Den astmatiske betennelsen gjer at

-barnet hostar ( fordi følenervane i dei små luftrøra blir «avkledde»),

-det blir produsert meir slim (dette er den siste resten av betennelsen som blir reparert, og kortison er det viktigaste middelet for å minske sliminga),

luftrøra blir overfølsame eller overreagerande, slik at dei trekker seg saman i ein krampe og blir trange - det blir tungt å puste.

Når desse symptoma eller fenomena er til stades, må kortisonmengda aukast så mykje at skaden blir reparert så raskt som mogeleg. Det betyr at døgnmengden av Flutide eller Pulmicort må doblast eller tredoblast i høve til den døgnmengden som greier å beskytte barnet mot astmaforverringar i minst 2 månader.

Når barnet ditt i sommar har hatt astmasymptom eller anfall ein gang per veke, betyr det at astmabetennelsen ikkje er blitt reparert eller fjerna. Og då ville mitt råd ha vore å gi barnet ditt Flutide kvar dag også i sommar.

Medisinmengda må individualiserast
I det barnemedisinske fagmiljøet har det vore internasjonal semje om at døgnmengden av kortison til innpusting må tilpassast det einskilde barnet. Det er vanleg å starte med ein forholdsvis høg døgnmengde av Flutide eller Pulmicort for å finne ut kor bra barnet kan bli dersom det blir gitt tilstrekkeleg med medisin. Når de foreldre saman med legen har funne fram til dette i løpet av nokre månader, kan vi seie at målsetjinga med den vidare behandlinga skal vere å sikre dette nivået av astmaplager.

Vi treng ikkje vere alt for perfeksjonistiske. Målet må vere at barnet skal ha så lite astmaplager i det daglege at han kan delta i alle dei aktivitetane som ville vere naturleg for han dersom han ikkje hadde astma. Og dei astmaplagene som han får skal vere av ein slik grad at dei er lette å slå tilbake med medisinen. Målet er å oppretthalde ein god livskvalitet og sikre den naturlege leiken og utfaldinga.

Når vi veit kor bra barnet kan bli,
er neste fase i behandlinga at vi reduserer døgnmengden av kortison etappevis med f.eks. 3 månaders mellomrom, og prøver å finne den lavaste medisinmengden som sikrar denne gode kontrollen med astmaen. Det kan tenkast at passeleg døgnmengde om sommaren f.eks. kan vere 50 mikrogram Flutide (spray via Babyhaler) 2 ganger dagleg, medan vintermengda kanskje må vere 100 - 125 mikrogram 2 ganger dagleg. For Pulmicort (spray via Nebunette) kan kanskje tilsvarande mengder vere 100 mikrogram 2 ganger dagleg om sommaren, og 200 mikrogram 2 ganger dagleg om vinteren. Nokre kan greie seg med mindre, andre må ha enda meir.

Og så kjem det like viktige: Når barnet får ei astmaforverring, må døgnmengda av Flutide eller Pulmicort doblast eller tredoblast i høve til det som er døgnmengda i friske faser. Og denne auka mengda må barnet få til han på nytt er heilt bra igjen, og i ytterlegare 4 dagar!

Flutide og Pulmicort treng tid på å virke. Derfor er det så viktig å gi god nok mengde i startfasen, særleg medan symptoma er milde. Dersom ein ventar til anfallet er tungt, kan det ta dagar før verknaden er tilfredsstillande. Særleg når det er mykje sliming, tar det tid å få effekt dersom Flutidemengden er lav. For å få raskare effekt av kortison, kan det av og til vere nyttig med kortison gjennom munnen (f.eks. Prednisolon tablettar) i f.eks. 3 dagar. Men det bør ikkje skje for ofte, på grunn av kortisonbiverknadene.

Men kva med Ventoline - eller Bricanyl?
Ventoline - eller Bricanyl, Salbuvent, Airomir og enda nokre - er også viktige medisinar. Dette er såkalla symptomlindrande medisin, og den må alle ha for å dempe plagene. På engelsk vert denne medisingruppa kalla «relievers», fordi dei gjer det lettare å puste. Desse medikamenta skal berre nyttast i periodar når barnet har astmasymptom som hoste, sliming eller tung pust. Når barnet er heilt bra, tilrår vi å legge dei vekk. Men ver for all del ikkje redde for å bruke dei!

I periodar når barnet har litt symptom, er det lurt å gi denne typen medisin 15 - 20 minuttar før innpustinga av kortison. Dette opnar opp luftrøra slik at den reparerande kortisonen (Flutide eller Pulmicort) kjem dit den skal - og det er heilt ute i dei ytterste og aller minste og tynnaste luftrøra.

Ventoline og liknande medisin er alltid viktig, fordi barnet naturlegvis må få luft i seg og sleppe å slite og streve med tung pust eller ilter og masete hoste.

Og så det viktige igjen: Dersom barnet har nytte eller glede av Ventoline minst ein gang per veke - inkludert ved fysisk leik eller anstrengelse - er det oftast fornuftig å bruke kortison til innpusting dagleg.

Korleis skal vi bruke Ventoline, Bricanyl og liknande medisin?
Den kan brukast mange ganger kvar dag eller berre enkelte ganger. Dersom den må brukast fleire ganger kvar dag, er det vanlegvis uttrykk for at barnet treng høgare kortisonmengder eller annan medisin i tillegg til kortison.

Ved anfall eller andre klare forverringar
må barnet få tilstrekkeleg med symptomlindrande medisin. Det er oftast heilt utilstrekkeleg berre med 3 ganger per døgn. Dersom anfallet er tungt, er mitt råd å gi 2 puff med Ventoline eller Bricanyl på inhalator (eller 1 dose av inhalasjonspulver) 3 ganger i løpet av 1 til 3 timar, for å kome over kneiken. Gi det 3 ganger med 20 minuttars mellomrom dersom anfallet er svært tungt, eller med f.eks. 1 times mellomrom ved litt svakare anfall. For all del, nokre greier seg fint om det går både 2 og 3 timar mellom kvar dose. Det viktige er å kome seg raskast mulig ut av den tunge tilstanden.

Dersom barnet etter desse tre første dosene ikkje er klart betre, slik at det ikkje er nok å vente 3 timar mellom kvar medisindose, må lege kontaktast for å vurdere om akuttopplegget er bra nok og forsvarleg. Det er viktig at de etter denne første kraftige behandlinga føler at de har kontroll over barnet sin astma og at det nå berre går framover.

Og hugs at barnet ved slike forverringar også skal ha meir kortison enn vanleg!

Innpusting av saltvatn med forstøverapparat kan vere nyttig, men då ville eg ha tilrådd å setje til Ventoline. Men ved korrekt bruk av Ventoline og Flutide via Babyhaler, vil dei fleste borna greie seg fint utan slikt forstøverapparat.

Når den akutte situasjonen er under kontroll
skal barnet ha regelmessig Ventoline eller liknande medisin 3 til 8 ganger per døgn til alle symptoma er borte. Og den auka kortisonmengda skal halde fram i ytterlegare 4 dagar!

Det går ikkje an å vere aleine om ei slik oppgåve
Astmabehandling handlar om å lære å ta styringa sjølv. Som foreldre skal de lære å observere symptoma, de skal tolke symptoma og de skal omsetje dette til handling. De skal gi barnet korrekt type og mengde medisin, de skal trøyste og roe barnet, og de skal sørge for at barnet held seg så frisk som muleg så lenge som muleg. For å greie dette må det etablerast eit samarbeidsforhold til ein lege, og då må de også lære å setje krav til legen.

Den nye fastlegeordninga vil gjere det lettare å vere barneastmaforeldre. Då vert de sikra kontakt med den faste legen dykkar på dagtid, m.a. i den akutte fasen då det er så uhyre viktig å ha nokon å søke råd hos.

Barnet sin faste lege er den som skal gi dei konkrete råda når det gjeld type medisin og medisinmengde til nettopp ditt barn.


Lukke til med behandlinga.

Venleg helsing
Anders Alme, Barnelege

Har du et spørsmål til Lommelegen? Klikk her

Siste fra forumet

For fem dager siden klemte jeg fingeren...
05/04/2012 - 17:07
<font color=blue></font id=...
29/03/2012 - 07:06
Hei, Jeg er ei jente på snart 21 år og...
01/04/2012 - 23:01
ADHD / politiet jeg bare lurer på...
01/05/2012 - 22:36
:cry: Hei fikk diagnosen ADHD for ca 8...
01/05/2012 - 23:48