Lommelegen tekst
Søk blant 44,766 spørsmål og svar.

Behandling med testosteron

Mannlig kjønnsorganer:

Behandling med testosteron

For nokon kan testosteronmangel gi slike problem at det er ønskjeleg med behandling. Testosteron kan gies som plaster, gel, sprøyter og kapslar. Ved bruk må man gå til legekontroll 2-3 gongar i året.

Kva medisinar finst for testosteronmangel?
Det finst i dag plaster (Atmos), gel (Testogel), sprøyter (Nebido) og kapslar (Andriol) for testosteronmangel. Atmos plaster skal festast på huden ein gong dagleg og Testogel skal påsmørjast ein gong om dagen. Mange må slutte med Atmos på grunn av at dei får utslett. Ei ulempe med Testogel er fare for overføring av testosteron til andre ved hudkontakt. Nokre får også utslett av Testogel. Nebido er flytande testosteron som skal injiserast med 10-14 vekers intervall. Andriol kapsler skal tas morgon og kveld. Ulempen med kapsler er at opptaket av testosteron frå tarmen ofte er dårleg og nokre får endringar i leveren under slik behandling.


Kan tilførsel av testosteron vere farleg?
Risikoen ved bruk av testosteronmedisin er svært avhengig av kva dose ein brukar. Ved doping bruker mennene ofte svære dosar med testosteronliknande stoff (anabole steroider). Dette kan gi farlege biverknader. Ved forsiktig behandling med relativt små doser med testosteron er risikoen mye mindre. Det er imidlertid grunn til å tru at tilskudd med testosteron er uheldig for menn som har visse sjukdomar. Spesielt er ein redd for forverring av sjukdomar i prostata. Forstyrra søvn på grunn av såkalla søvnapne (snorking og pustestopp under søvn) blir regelmessig verre under tilskudd med testosteron. Testosteron kan av og til gi farleg høg blodprosent og uheldige forstyrrelser i fettstoffa i blodet. På grunn av desse mulege biverknadene må prostata undersøkjast og ein må måle blodprosent og kolesterol før oppstart med terstosteronmedisin.


Legekontroll under behandling med testosteron
Kontroll hos lege 2-3 gongar i året er nødvendig. I starten må ein bruke litt tid på å finne den rette dosen med testosteron. Seinare blir det viktig å avveie dei positive verknadene av testosteronet opp mot eventuelle biverknader.
Det er ikke sikkert behandlinga skal avbrytast sjølv om mannen får problem som kan ha med testosteronet å gjere. Kanskje dosen må reduserast eller ein bør skifte til ein annan testosteronmedisin.

Vi gjør oppmerksom på at innholdet i denne artikkelen er mer enn to år gammel. Utviklingen innen medisin går raskt, og informasjonen kan derfor være foreldet. Du bør derfor vurdere å skaffe deg et oppdatert svar fra en av våre leger, eller din egen fastlege.

Spør en av våre erfarne leger og fagfolk

Vi tilbyr informasjon om symptomer, sykdommer, skader, samliv og seksualitet. Dersom du ønsker det, kan du velge 100% anonymitet.