Lommelegen tekst
Søk blant over 40.000 spørsmål og svar.

Behandling av hypotyreose

Hormonsystemet:

Behandling av hypotyreose

Behandling av lavt stoffskifte er som regel å gi hormonet som det er for lite av, nemlig tyroksin, i tablettform.

Kva er behandlinga?
Den vanlegaste behandlinga for hypotyreose i Norge er tyroksin i tablettform (Levaxin). Tablettane tas ein gong om dagen og dosen varierer mellom 50 og 300 μg - mest vanlig er 100 μg. Det er vanleg å starte med ein lav dose og auke gradvis. Eit års behandling med Levaxin tabletter 100 μg koster ca. 280 kroner og du får medisinen på blå resept.


Blir eg frisk igjen?
Alle med alvorleg hypotyreose blir betre når dei får behandling, men det kan gå svært lang tid før ein er heilt frisk. Det er imidlertid nokre som ikkje føler seg bra sjølv etter månader og år med stabil dose med tyroksin og normale stoffskifteprøvar. Årsaka til dette er ukjent. Dei kan sjølvsagt ha ein annan sjukdom som er årsak til plagene.  Nokre meiner at sjølve betennelsen i skjoldbruskkjertelen kan gi symptom som slapphet og trøtthet, slik ein veit at betennelser i andre organ kan gi. Dette er ei sannsynleg forklaring, men bevis manglar. Ei tredje forklaring er at hypotyreosepasientane ikkje lenger nyter godt av hjernen sin normale finregulering av stoffskiftet. Det betyr at stoffskiftet store deler av døgnet kanskje er innenfor normalgrensene, men ikkje heilt i samsvar med kroppen sitt behov. Det er ingen sikre bevis for denne teorien heller.


Ikkje frisk likevel? 
Kva kan ein så gjere dersom ein ikkje blir frisk under behandling for lavt stoffskifte? Først må ein utelukke annan sjukdom. Samtidig kan ein i samarbeid med legen justere litt opp og ned på tyroksindosen. Det bør gå 6-8 uker mellom kvar slik dosejustering.
For nokre år sidan kom ein forskningsrapport som gav nytt håp til dei som ikkje blir bra under behandling med tyroksin. Ein viste at ein del av desse pasientene vart betre når dei brukte stoffskiftehormonet T3 i tillegg til tyroksin. T3 er tilgjengelig i Norge under salgsnavnet Liothyronin med tablettstyrke 20 ųg. Det er fortsatt omdiskutert om slik kombinasjonsbehandling er betre enn bruk av tyroksin aleine.
Eit anna alternativ er Armour Thyroid. Dette er tablettar framstilt av tørka skjoldbruskkjertel frå gris. Armour Thyroid inneheld både T3 og tyroksin, og kan i Norge lett skaffast på registreringsfritak.


Gir Levaxin biverknader?
Ein skulle ikkje vente biverknader av ei behandling som kun erstatter eit stoff som kroppen ikkje lenger kan lage sjølv. Forskning viser imidlertid at mange bruker feil dose. Dei som bruker for lite Levaxin blir ikkje kvitt plagene som eit lavt stoffskifte gir. For mykje Levaxin gir på kort sikt symptom som ved høgt stoffskifte (varmefølelse, sveitting, skjelving, søvnvanskar, angst, vekttap etc) og auker på lengre sikt risikoen for hjerteflimmer og beinskjørhet. Nokre får ubehagelege symptom i starten av behandlinga sjølv om dei bruker ein lav lose med Levaxin. Dette skuldast at kroppen har tilpassa seg det lave stoffskiftet og derfor tåler dårleg ein ekstra tilførsel med stoffskiftehormoner. I slike tilfeller må ein redusere dosen med Levaxin og auke dosen gradvis over fleire månader.
I starten av behandlinga bør ein ta blodprøvar kvar 6-8de veke. Når ein har nådd den riktige dagsdosen med Levaxin kan det gå lenger tid mellom kontrollane - mest vanleg er eit par gonger i året


Finst det noen pasientforening?
Norsk Hypothyreoseforening vart starta i 1990. 1. januar 2003 skifta organisasjonen namn til Norsk Thyreoideaforbund (NTF). Dette er eit forbund for personar med ulike sjukdomar i skjolbruskkjertelen, ikkje bere hypotyreose. NTF driv med opplysande og rådgivande arbeid og har over 40 lokallag med organisasjonsledd i alle fylke. NTF utgir bladet Thyra. NTF si heimeside finn du på www.stoffskifte.org. Addressa er Fr.Nansens plass 9, 0160 Oslo, tlf 22 94 10 10, e-mail: post@stoffskifte.org .

Siste fra forumet

Jeg og mannen var hos mine foreldre i...
05/02/2012 - 22:28
Hei Har funnet meg en nydelig jente som...
20/01/2012 - 21:38
Slo meg kraftig på venstre side for 5...
20/01/2012 - 10:34
Jeg sitter med en dyp angst i magen. En...
16/01/2012 - 10:43
Jeg er en jente på 24år som har sosial...
12/01/2012 - 20:42