Siste år plaget med nattlig vannlating 2 g.pr.natt med 3-400ml urin hver gang.Normal vannl.på dagtid.Ikke inkontinent.Diabetes utelukket.Normalt blodtrykk.Operasjon for livmorprolaps i 82
3 barnRelevante sykdommer/medisiner: Ingen medisiner utenom østrogen lokalt i skjeden Kvinne, 69 år
Beklager først at svaret er forsinka. Det er først og fremst mi skuld - i tillegg forårsaka uværet på vestlandet at internett var ute ein lengre periode.
Nattlegg vannlating forekjem hos over halvparten av personar over 50 år og hos 2 av 3 70-åringar. I 90-årsalderen må nesten alle tisse om natta.
Årsakene til nattleg vannlating er auka urinproduksjon eller redusert blærekapasitet - det som blir kalt for "hastverksblære" eller hyperaktiv blære.
Når ein blir eldre får ein del snudd opp ned på urinproduksjonen i løpet av døgnet. Det betyr at størsteparten av urinproduksjonen skjer om natta - og ikkje som normalt om dagen. Dette blir kalt for "nattleg polyurisyndrom" og er ikkje uvanleg. Det er det antidiuretiske hormonet, ADH, som styrer kor mykje urin som skal produserast. Ved det nemnde syndromet er det lite av hormonet om natta og dermed stor urinproduksjon. Årsaka til denne omsnuinga er ikkje kjent.
Personar som hovner opp i beina i løpet av dagen, vil ofte tisse mykje om natta. Dette skuldast at væska som er i leggene, anklane og føttene renn over i blodet i løpet av natta og blir skildt ut i urinen.
Ved hyperaktiv blære kjenner ein vannlatingstrang når det kun er litt urin i blæra. Årsaka til dette er også for det meste ukjent.
Du har 3-400 ml urin kvar gong. Det betyr at du sannsynlegvis ikkje har hyperaktiv blære, men at du har høg urinproduksjon i løpet av natta. Du bør måle urinmengda eit heilt døgn. Det finst mange tilstandar der ein tissar meir enn normalt. Ut frå det du skriv - tviler eg på om du har det slik. Mest sannsynleg har du "nattleg polyurisyndrom" eller mobilisering av væske frå beina i løpet av natta. Er du hoven i beina om kvelden? I så fall kan dette vere årsak og legen må finne ut kvifor du er hoven. Behandling kan vere støttestrømper og litt vanndrivande medisin.
Nattleg polyurisyndrom kan ein la vere å behandle og rett og slett godta at ein må opp eit par gonger om natta. Det er sjølvsagt viktig å unngå å drikke mykje like før sengetid - spesielt kaffi og te. Ein mulighet er å ta ein vanndrivande tablett 4-6 timar før sengetid. Eit anna alternativ er å ta ein medisin om kvelden som har same effekt som ADH (Minirin), dvs at den reduserer urinproduksjonen om natta til eit minimum.
Det finst altså behandlingsmuligheter - men prøv det enkle først. Lykke til!!
Lommelegen er en nettbasert rådgivningstjeneste. Svar som følge av innsendte spørsmål
og bilder må ikke brukes som erstatning for fysisk besøk hos lege.
Oppsøk fastlegen din eller ring 113 dersom du har akutte eller alvorlige helseplager.
Fullstendige vilkår for svartjenesten.
Redaktør Lommelegen.no: Ine Thereze Gransæter
Ansv.red og adm.dir: Petter Danbolt
Stedfortr.ansv.red og COO: Terje Johansen
Oppdateringsansvarlig Lommelegen.no: Linda Stølen
Utgiverselskap: Aller Internett as