Årsakene til lavt stoffskifte kan være mange, men den vanligste årsaken er betennelse i skjoldbrukskjertelen, såkalt Hashimotos thyroiditt.
Av: Geir Hølleland, endokrinolog
Kva er årsakene til hypotyreose?
- Den vanlegaste årsaka til hypotyreose i Norge er betennelse i skjoldbruskkjertelen. Dette medfører gradvis redusert hormonproduksjon. Betennelsen skuldast at immunforsvaret oppfatter kjertelen som ein fiendtleg inntrengjar. Sjukdomen vart første gong omtalt av japanaren Hashimoto i 1912 og har fått namnet Hashimotos thyroiditt.
- Personar som får radioaktivt iod som behandling for høgt stoffskifte, vil ofte utvikle lavt stoffskifte i løpet av månader eller år.
- Ein annen viktig årsak til lavt stoffskifte er kirurgisk fjerning av skjoldbruskkjertelen.
- Ein svært sjeldan årsak til lavt stoffskifte er svikt i hypofysen sin produksjon av TSH.
- I tillegg er det noen få medisiner som har lavt stoffskifte som bivirkning.
I global samanheng er jodmangel viktigaste årsak til lavt stoffskifte. Skjoldbruskkjertelen må ha jod for å kunne lage tyroksin. I Norge får vi jod gjennom, saltvassfisk, skalldyr og salt som er tilsett jod. Jodmangel blir rekna som ytterst sjeldan i Norge.
Kva symptom har sjukdomen?
Hypotyreose kan gi symptom frå dei fleste organ. Tidlege symptom er gjerne trøtthet, nedstemthet, noe vektauke, tørr hud og hårtap. Vanleg er også kuldefornemmelse, forstoppelse, heshet, redusert svetting og hevelse i hender og andlet. Eit svært lavt stoffskifte som ikkje blir behandla, kan ende opp med ei livstruande krise - såkalla myksødem koma. Tilstanden er kjennteikna av bevisstløshet, lav kroppstemperatur, langsam puls og dårleg hjarte- og lungefunksjon. Kun halvparten av pasientane overlever. I Norge er myksødem koma ytterst sjeldan.
Korleis stiller legen diagnosen?
Hypotyreose påverkar kroppen på mange måtar. Det er derfor naturleg at legen undersøkjer funksjonen til skjoldbruskkjertelen hos pasientar med ulike plager. Tidlegare innebar slik testing ressurskrevjande målingar av kroppen sitt energiforbruk i kvile. Det viste seg imidlertid at desse målingane ofte ikkje gav rett diagnose. I skulemedisinen bruker ein i dag blodprøvar som fasit. Ein måler mengden av tyroksin (fritt tyroksin = FT4) og TSH. Lavt stoffskifte gir lav verdi for FT4 og høg TSH. Det er omdiskutert kva grenser ein skal nytte for å stille diagnosen hypotyreose. Legane vil sjeldan stille diagnosen hypotyreose dersom TSH er under 4. I pasientorganisasjonane meiner mange at ein kan ha hypotyreose også dersom TSH er mellom 2 og 4. I tvilstilfelle må legen ta tida til hjelp, sjå på andre prøvar og gjerne til slutt gjere eit behandlingsforsøk for å sjå om symptoma til pasienten blir mindre under tilførsel av tyroksin.
Kan ein ha lavt stoffskifte sjølv om blodprøvane er normale?
Symptoma som ein får ved lavt stoffskifte, er nokså vanlege. Mange er plaga med slapphet og tristhet, og enda fleire blir overvektige sjølv om dei meiner at dei et lite. Dei som har slike plager blir gjerne skuffa når legen seier at stoffskifteprøvane er normale.
Forskning så langt tyder på at personar med symptom på hypotyreose ikkje vil ha nytte av tilskot med tyroksin dersom blodprøvane viser normalt stoffskifte. Det store og delvis uavklarte spørsmålet er sjølvsagt kva som eigentlig er normale blodprøvar. Siste ord er nok ikkje sagt her.
Når bør du be om test for hypotyreose?
Helsemyndigheitene i Norge har ikkje gått ut med tilråding om rutinemessig måling av stoffskiftet hos andre enn nyfødde. Mange meiner at kvinner i overgangsalderen bør ta ein stoffskifteprøve. Føler du deg heilt frisk skulle det ikke vere grunn til å testing. Har du uforklarlege plager som ikkje vil gi seg og som kan passe med lavt stoffskifte, bør du ikkje nøle med å tinge time hos legen. Det kan godt vere at legen (med rette) meiner at plagene dine har heilt andre forklaringar, men våg å foreslå måling av stoffskiftet.