| Nedre luftveisinfeksjoner Akutt bronkiolitt |
|
Akutt bronkiolitt er ein tilstand der innsida av luftvegane hovnar opp slik barnet får pusteproblem. Vi har ikkje noko godt norsk ord for denne tilstanden, kanskje er viruslungebetennelse det næraste ordet.
Fleire typar virus kan føre til akutt bronkiolitt, men RS-viruset er den vanlegaste årsaka og kan påvisast i 70-80 % av tilfella. I bronkiolane (dei minste luftrøra) lagar viruset skade på slimhinna og det oppstår ein betennelse. Dette fører til at luftpassasjen i desse små luftrøra blir trang, og det kan kome symptom omlag som ved astma. Men det er ikkje astma, og astmamedisin hjelper ikkje. I verste fall blir dei små luftrøra i visse område heilt tette. Fordi årsaka er ein virusinfeksjon, hjelper ikkje antibiotika som f.eks penicillin. Derimot har kroppen sjølv svært effektive reparasjonsmetodar, og i dei aller, aller fleste tilfella er kroppen sin eigen reparasjonsevne god nok. Legen si oppgåve er å lindre og avhjelpe plagene og symptoma til tilstanden rettar seg av seg sjølv, vanlegvis i løpet av 1-3 veker. Symptom ved akutt bronkiolitt Ein akutt bronkiolitt startar gjerne med vanlege forkjølingssymptom som snue og hoste. Hosten er gjerne litt tørr og irritert, det dannar seg gjerne ein del slim, og oftast er der noko feber. Hos dei fleste borna og dei vaksne endar sjukdommen med dette. For nokre få born kan sjukdommen trekke ned i lungene. Men også då vil vi oppleve alle grader av alvor, frå hoste som kjem langt nede frå, via litt pipande pust, til ein tilstand der barnet er må anstrenge seg for å få puste. Det typiske er at barnet hostar mykje, virker slimete og utilpass, og pusten blir rask og anstrengt. Ein ser at barnet slit og arbeider med pusten, og virker kanskje «astmatisk». Kanskje orkar ikkje det vesle spedbarnet å suge frå mors bryst. Det er viktig å hugse at berre dei færreste borna blir så hardt ramma. Kontakt lege! Ut frå mi personlege erfaring vil eg gi nokre råd for kva tid lege bør kontaktast når luftvegsinfeksjonen trekker seg ned i brystet. Du bør kontakte lege dersom: - Du er redd for at barnet er alvorleg sjukt, eller du føler at du ikkje har kontroll over tilstanden. - Barnet er yngre enn 6 månader. - Barnet er under 1 år og var fødd for tidleg. - Barnet har alvorleg hjertefeil, har kronisk lungesjukdom med behov for surstoffbehandling eller har ein kjent immunsvikt. - Barnet har rask og tung pust. - Barnet er bleikt eller har episodar der det blånar. - Barnet får tung pust etter hosteepisode. - Barnet er utmatta og orkar ikkje å ta til seg drikke. - Barnet er irritabelt og vanskeleg å roe. Behovet for sjukehusinnlegging gjeld først og fremst born under ett år, etter 1 år blir borna sjeldan så sjuke. Behandling i sjukehuset Den viktigaste behandlinga i sjukehuset er å handtere barnet på ein roleg måte slik at det ikkje treng å bruke så mykje krefter på å puste. Dersom barnet har tungt for å suge og få i seg væske, må det kanskje få væske i sonde ned til magesekken eller intravenøst, men det er oftast ikkje nødvendig. Ofte treng barnet ekstra oksygentilførsel. Vanlegvis får barnet puste inn medikamentet adrenalin via eit medikamentforstøverapparat. Dette kan av og til, men ikkje alltid, lette pusten. Berre sjeldan må barnet få pustehjelp via respirator. Etter kvart som kroppen sine eigne reparerande krefter gjer at barnet pustar lettare, kan vi redusere medikament- og oksygenbruken. Fordi virusinfeksjonar - mellom anna RS-virusinfeksjonar - alltid gir forverringar hos dei borna som har astma, vil vi hos born med auka risiko for å utvikle astma vurdere den muligheten. Desse borna kan kanskje ha nytte av astmamedikament. Innpusting av kortison, som hjelper ved astma, hjelper ikkje ved akutt bronkiolitt. Tida etter ein bronkiolittepisode Barnet treng ikkje vere på sjukehus til alle symptoma er borte. Så snart barnet ikkje lenger har behov for ekstra oksygentilførsel eller medikamentinnpustingar og får i seg væske og mat på vanleg måte, kan det kome heim. Men det vil ta tid før sjukdommen er fullstendig reparert. Hosten vil gjerne kunne vare lenge, fordi den auka slimproduksjonen i lungene er det siste som rettar seg. Og ein vil lett høyre at det pip litt ved utpusting. I denne rekonvalesensfasen er barnet særskild mottakeleg for nye virusinfeksjonar. Oppdatert 27.04.07 av: Cecilie Arentz-Hansen, lege |
Oppdatert:
27. april 2007 Tips noen om denne artikkelen Utskriftsvennlig format
|
| --------------------------------------------- |
| Spørsmål til legen: Still spørsmål til legen - garantert svar! |

Tips noen om denne artikkelen
Utskriftsvennlig format