header
 
 Still spørsmål
 Les svar
 Svar etter tema
 Sjekk status på ditt spørsmål
 Debattforum
 Test deg selv
 Pasientorg.
 Lommelegen på mobilen
 SØK
 ADHD
 Allergi
 Alzheimer
 Apotek
 Astma
 Barn
 Blodtrykk
 Diabetes type 2
 Eksem
 Ernæring
 Forkjølelse
 For menn
 Førstehjelp
 Gravid
 Hiv/aids
 Hodepine
 Idrett / Trening
 Impotens
 Inkontinens
 Kolesterol
 Kreft
 Kvinnehelse
 Migrene
 Muskel/skjelett
 Overvekt
 Prevensjon
 Psykisk helse
 Reisemedisin
 Rettigheter
 Røykeslutt
 Samliv
 Sex
 Skader
 Smerter
 Sommersenter
 Spiseproblem
 Stress
 Sykdommer
 Symptomer
 Søvnsenter
 Undersøkelser
 Vaksiner
   
Nedre luftveisinfeksjoner
Infeksjon med RS-virus
RS-viruset (RSV) skaper kvar vinter frykt hos småbarnsforeldre, men det er ikkje noko mystisk med dette viruset. Faktisk blir dei fleste av oss regelmessig smitta av dette viruset med få års mellomrom - utan at vi kjenner meir enn ei litt sterk forkjøling med sår hals.

Av: Anders Alme, lege

teaser

Grunnen til at RS-viruset er så frykta er at det er ekstremt smittsamt, og at det i verste fall kan gje alvorleg sjukdom hos dei yngste og minste spedborna og hos born med alvorlege kroniske sjukdommar.

Nedanfor vil du finne råd og tips om kva du kan gjere for å beskytte borna dine mot smitte, og kva du skal gjere dersom du er engsteleg.

Viktigaste årsak til luftvegsinfeksjonar hos små born

Nesten alle born blir smitta av RS-viruset i løpet av dei første leveåra. Opp til halvparten av alle spedborn kan bli smitta i løpet av ein sesong. Vi kan påvise enkelte tilfelle av RS-sjukdom gjennom heile året, men epidemiane har ein typisk topp midtvinters og varer på sitt mest intense 2-3 månader.

Det vanlegaste er forholdsvis uskuldige luftvegsplager
Symptoma kan variere langs heile skalaen frå ei mild forkjøling - evt. med feber - via vond og sår hals eller øyrebetennelse til tung og anstrengt pust på grunn av viruslungebetennelse eller akutt bronkiolitt. Større born og vaksne blir vanlegvis berre «forkjøla», men kan likevel smitte andre.

Enkelte born kan få akutt bronkiolitt
Den høgaste forekomsten av RS-sjukdom finn vi hos to til seks månader gamle spedborn, med ein topp i to-tre månaders alderen. Akutt bronkiolitt rammar vanlegvis berre born under to år, og berre sjeldan vil born over eitt år trenge sjukehusinnlegging. Berre 4-5 % av borna under eitt år bli så sjuke at dei treng sjukehusinnlegging.

Ekstremt smittsamt
Dersom eit barnehagebarn har RS-viruset, kan vi rekne med at alle borna i barnehagen vil bli smitta. Og dei vil i neste omgang smitte sine søsken og foreldre, som så fører smitten vidare. Difor vil spedborn med eldre sysken vere særleg utsette for smitte og påfølgjande akutt bronkiolitt. Vi reknar med at viruset kan smitte allereie eit par dagar før symptoma dukkar opp, men smittefaren er størst dei første to til fire sjukdomsdagane. Den sjuke kan likevel spreie viruspartiklar i eit par veker.

Direkte kontakt med spytt og snørr
Det kan skje via hoste på opp til ein meters avstand. Vel så viktig kan det vere at ein har berørt den sjuke personen med hendene sine eller har teke på ein gjenstand som den sjuke har berørt. Dersom ein ikkje har vaska hendene sine før ein deretter tar seg til munnen eller nasen - eller tar bort i eit anna barn - er risikoen for smitteoverføring stor.

Vask hendene
God og hyppig handvask er viktig både i heimen og i f.eks. barnehagen. Fordi smitten med RS-virus i barnehagane gjerne blir «total» uansett, og fordi smitten startar i det symptomfattige stadiet, treng barnet å vere heime frå barnehagen berre når det er så sjukt at det ikkje maktar eller har glede av å følgje dei vanlege rutinane. Hugs at også dei vaksne med forkjøling og sår hals kan ha RSV-infeksjon. I heimar med små spedborn må ein prøve å unngå at sjuke storesøsken hostar på eller tar på spedbarnet.

Ny medisin?
Det eksisterer en forebyggende medisin med spesifikke antistoffer, Synagis, som gis i sprøyte, og som kan gis til barn som er spesielt utsatte. Dette gjelder spesielt for tidlig fødte barn eller barn med lungesykdommer eller hjertesykdommer fra før. Beskyttelsen er ikke helt sikker, og får man infeksjon blir man sannsynligvis like syk som om man ikke hadde fått denne behandlingen. Antistoffene hjelper heller ikke når man først har blitt syk. Denne forebyggende behandlngen er kostbar, og nytten har vært uklar. Sprøyten må gis 5 ganger i løpet av sesongen, hver 30. dag.

Oppdatert 16.05.07 av: Cecilie Arentz-Hansen, lege
Les mer om: barn, forkjølelse, nedre luftveisinfeksjoner


Oppdatert: 28. August 2007

---------------------------------------------
Spørsmål til legen:
Still spørsmål til legen - garantert svar!
 


   
 
Emner fra A til Å
 


Flere svar »


Gå til forumet »

 


Still spørsmål til Lommelegens ekspertpanel:
Om oss
Kontakt oss
Vilkår for tjenesten
Feilmelding
Reklame og sponsing på Lommelegen
Ønsker du å annonsere?
Tips oss
Tips en venn
Redaktør Lommelegen.no: Ine Thereze Gransæter
Ansv.red og adm.dir: Petter Danbolt
Stedfortr.ansv.red og COO: Terje Johansen
Oppdateringsansvarlig Lommelegen.no: Linda Stølen
Utgiverselskap: Aller Internett as
Lommelegen AS © 2012 - ditt helsesenter på Internett
Materialet er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med
Lommelegen AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring forbudt.
 

Lommelegen.no har konsesjon fra Datatilsynet.

Opplysningene som gis på Lommelegen.no må ikke 
brukes i stedet for kontakt med, undersøkelse hos eller behandling av lege