| Astma Astma - frå foreldra sin ståstad |
Hos foreldra varierer oppfatningane av kva astma er meir enn hos borna. Men noko går likevel igjen. Om vi gir oss tid til å høyre etter, vil foreldra kunne fortelje om astma på ein måte som vi berre sjeldan får omtala i lærebøkene.
I ein studie som eg sjølv har utført i sjukehusområdet der eg arbeider, kom det fram at dei fleste foreldra føler at dei meistrar dei viktigaste oppgåvene kring barnet sin astma på ein rimeleg bra måte. Men ved å spørje meir detaljert, kunne dei fleste fortelje om område som dei beherska dårleg eller som belasta dei sterkt. Og dei fleste kunne fortelje om område som dei beherska godt eller svært godt, og om sider ved livskvaliteten som var flotte. Faktisk er der er ikkje nokon klar og eintydig samanheng mellom barnet sin astmagrad og foreldra sin opplevde livskvalitet, jamvel om vi spør om sider ved livskvaliteten som vi ventar har samanheng med barnet sin sjukdom. Likevel kunne storparten av foreldra til born med astma fortelje at dei er bekymra for all medisinen som barnet må bruke. Og dei fleste foreldra fortalde at dei blir skremde eller utrygge når barnet har forverring av astmaen sin. Når foreldre skal forklare kva astma er, er svaret ofte; å observere og tolke barnet sine symptom til ei kvar tid og beslutte kva som skal gjerast. Av 10 foreldre vil, 2-3 gje uttrykk for at dei har problem med å få dette til på ein tilfredsstillande måte. Omlag like mange vil fortelje at dei meistrar dette godt, og resten opplyser at ting går sånn noko lunde. I denne samanhengen må målsetjinga for oss helsepersonell vere at foreldra føler at dei greier å gje barnet den astmabehandlinga som barnet treng. De skal føle at familien sin samla livskvalitet ikkje er blitt vesentleg forringa på grunn av barnet sin astma. Partnerskap mellom legen, foreldra og barnet Å skreddarsy eit behandlingsopplegg føreset at foreldra veit korleis helsetenesta skal nyttast. Det handlar om kommunikasjon mellom helsetenesta og brukarane. Får dei sagt det som er viktig? Har legen forstått problemstillinga? Gjer han seg forstått? Når barnet er sjukt må foreldra gjere noko der og då og dei skal beherske ein del ganske avanserte praktiske oppgåver. Dei skal samstundes signalisere ro og tryggleik til barnet og dei skal sørge for at barnet og familien har det så bra som mogeleg. Foreldra sitt behov i møte med legen, er å få tilbakemelding på at dei har klart desse oppgåvene korrekt. På den måten vert foreldra tryggare i si behandling av barnet, samtidig som det dannar eit godt grunnlag for å lære meir. Eit partnarskap mellom lege, foreldre og pasient, er utgangspunktet for vellukka astmabehandling. I eit slikt partnarskap har også foreldra lov til å stille krav til at legen samhandlar og kommuniserer godt. |
|
Oppdatert:
1. January 2000 |
| --------------------------------------------- |
| Spørsmål til legen: Still spørsmål til legen - garantert svar! |
