header
 
 Still spørsmål
 Les svar
 Svar etter tema
 Sjekk status på ditt spørsmål
 Debattforum
 Test deg selv
 Pasientorg.
 Lommelegen på mobilen
 SØK
 ADHD
 Allergi
 Alzheimer
 Apotek
 Astma
 Barn
 Blodtrykk
 Diabetes type 2
 Eksem
 Ernæring
 Forkjølelse
 For menn
 Førstehjelp
 Gravid
 Hiv/aids
 Hodepine
 Idrett / Trening
 Impotens
 Inkontinens
 Kolesterol
 Kreft
 Kvinnehelse
 Migrene
 Muskel/skjelett
 Overvekt
 Prevensjon
 Psykisk helse
 Reisemedisin
 Rettigheter
 Røykeslutt
 Samliv
 Sex
 Skader
 Smerter
 Sommersenter
 Spiseproblem
 Stress
 Sykdommer
 Symptomer
 Søvnsenter
 Undersøkelser
 Vaksiner
   
Astma
Legen og barnet opplever astmaen ulikt
Dersom vi samanliknar mange born med astma, er der overraskande lav samanheng mellom dei sjukdomsteikna som vi legar kan måle og korleis barnet (eller gjerne også den vaksne astmatikaren) opplever sjukdommen. Det kan vere ein av grunnane til at legen og pasienten ikkje alltid ser likt på verdien av å gjennomføre behandlinga slik legen tilrår.

Av: Anders Alme, lege

teaser

Derfor må legen og brukaren (d.v.s. barnet og familien) gjennom eit godt samarbeid og gjensidig respekt kome fram til eit behandlingsopplegg som båe partane kan godta. I lærebøkene kallar ein dette å forhandle seg fram til eit behandlingsopplegg. Og dette behandlingsoppleggt må justerast undervegs. Denne måten å samarbeide på vert også kalla partnerskapsmodellen. For å styrke brukaren i eit slikt samarbeid, og for at brukaren skal bli i stand til å ta styringa over sjukdommen, har astma-og allergiforbundet utvikla noko som dei kallar "likemannsarbeid". Dette er eit særs verdfullt opplegg for å kunne utnytte dei enorme kunnskapane og ferdighetene som foreldra og astmatikarane har tileigna seg.

Barnet og familien si oppleving av astmaen
Studier om livskvalitet og evne til å meistre astmasjukdommen har gitt oss litt kunnskapar om korleis det er å leve med astma. Barnet opplever først og fremst ubehaget, engstinga eller frykta ved å ha tung pust. Han kjenner seg anleis enn andre born og opplever at han ikkje kan ta del i leiken eller andre sosiale aktivitetar på like fot med dei andre. Kanskje opplever han også å vere til sjenanse eller belastning for andre.

Maset og strevet med å ta medisinen gjer at barnet ofte aller helst vil "gløyme" alt som har med medisinen å gjere. Ofte lærer ho seg å undertrykke sansinga av astmasymptoma. Det kan sjåast på som eit vern mot frykt og engsting og kan hjelpe henne til å våge å stå på. Men på same tid kan det tildekke alvoret i tilstanden, slik at gjennomføringa av den medisinske behandlinga ikkje blir effektiv nok. Kanskje opplever barnet at ho orkar mindre enn andre, og på fotballbana eller i uteleiken går ting tregare og kondisen er lav.

Astmaen varierer sterkt frå barn til barn og frå tid til anna. Det kan gjere det vanskeleg å få forståing i miljøet for nettopp det einskilde barnet sitt behov og vanskar. Eller symptoma kan vere vanskelege å forutsjå, slik at guten eller jenta kan kjenne seg utrygg.

Det er dette er som er viktig for barnet, ikkje kva som forgår nede i lungene om vi kunne studere dei med mikroskop eller måleapparat.


Publisert 01.01.2000 av Anders Alme, spes. i barnesykdommer
Oppdatert 29.5.2007 av Cecilie Arentz-Hansen, spes. i allmennmedisin
Les mer om: astma, barn


Oppdatert: 29. May 2007

---------------------------------------------
Spørsmål til legen:
Still spørsmål til legen - garantert svar!
 


   
 
Emner fra A til Å
 


Flere svar »


Gå til forumet »

 


Still spørsmål til Lommelegens ekspertpanel:
Om oss
Kontakt oss
Vilkår for tjenesten
Feilmelding
Reklame og sponsing på Lommelegen
Ønsker du å annonsere?
Tips oss
Tips en venn
Redaktør Lommelegen.no: Ine Thereze Gransæter
Ansv.red og adm.dir: Petter Danbolt
Stedfortr.ansv.red og COO: Terje Johansen
Oppdateringsansvarlig Lommelegen.no: Linda Stølen
Utgiverselskap: Aller Internett as
Lommelegen AS © 2012 - ditt helsesenter på Internett
Materialet er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med
Lommelegen AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring forbudt.
 

Lommelegen.no har konsesjon fra Datatilsynet.

Opplysningene som gis på Lommelegen.no må ikke 
brukes i stedet for kontakt med, undersøkelse hos eller behandling av lege