Hos dei aller fleste starter astmasjukdommen i barnealderen, svært ofte allereie det første leveåret. Men det kan vere vanskeleg å stille diagnosen tidleg. Her er nokre vanlege holdepunktar:
Hos spedborn er pipande pust aleine ikkje tilstrekkeleg for å stille astmadiagnosen. Hos andre born kan symptoma vere så lite typiske at foreldra eller legen ikkje oppfattar at barnet har astma.
Det største problemet er ikkje at for mange born får astmadiagnosen. Problemet er først og fremst at det tar for lang tid å konkludere med at barnet har astma og dermed har nytte og glede av å få astmamedisin.
Det finst ingen enkel test!
1. Legen og foreldra må forstå og respektere kvarandre
Foreldra er ekspertar på barnet sitt. Legane er ekspertar på faget sitt. Barna er ekspertar på seg sjølve, men kan ikkje som vaksne gje uttrykk for kva som er problemet. Derfor må alle partane lytte til kvarandre. Ein akutt legevaktsituasjon er meint å gje avgrensa hjelp med det som er problemet denne kvelden eller natta. Den er ikkje egna til å gje omfattande vurdering og veiledning omkring ein kronisk sjukdom som astma.
Skaff derfor barnet ein fast lege, som de kan kontakte seinare i forløpet av sjukdomsepisoden. Lat den faste legen sjå barnet når symptoma er der, det er nemleg eit vilkår for å kunne konkludere konstruktivt. Få også time i ein roleg fase der alle partar er førebudde på og har tid til å samtale om det som har hendt. De foreldre har krav på at legen gir seg tid til å lytte, gjere seg kjend med barnet og å gje ei konkluderande vurdering eller tolking av symptoma og sjukdomsforløpet.
2. Sjukdommen må observerast og vurderast over tid
Symptoma ved astma hos sped-og småbarn er lite typiske og kan vere vanskelege å tolke. Difor er gjentekne episodar med ein astmaliknande tilstand den første nøkkelen til astmadiagnosen. "Astmaliknande tilstand" betyr at luftpassasjen i dei aller minste luftrøra i lungene er litt trangare enn vanleg, og det er grunnen til symptoma. Vi nyttar gjerne faguttrykket "bronkial obstruksjon".
Dersom eit barn har hatt tre slike "obstruktive" episodar eller periodar, har vi lov å seie at dette barnet har astma eller at astmadiagnosen er sannsynleg. Men det fortel oss ikkje om astmasjukdommen er mild, moderat eller alvorleg. Det fortel oss heller ikkje om barnet vil bli kvitt plagene om nokre år. Men ved å følgje med sjukdomsutviklinga etter kvart som barnet vert eldre, kan legen kanskje spå litt om framtida og justere medisinbruken etter som ting forandrer seg og sjukdomsbiletet vert klarare.
3. Fem vanlege teikn eller symptom ved astma kan vere:
-Barnet pustar tungt. Barnet "jobbar" med pusten, blir slitent og heiser kanskje skuldrane. Dei eldre borna blir stille og snakkar kanskje med kortare setningar eller berre få ord. Barnet klagar kanskje over at det er vanskeleg å puste.
-Barnet pustar fortare enn vanleg. Men ver merksam på at også friske barn kan puste uvanleg fort i periodar, utan at det betyr noko.
-Det kan høyrast uvanlege pustelydar på avstand. Desse lydane kan vere surkling, piping eller kvesing. Det typiske er lydar ved utpusting, men når astmaen er tung kan der også vere lydar ved innpusting. Dersom barnet har eit skikkeleg tungt anfall, kan desse lydane bli borte. Dersom barnet samstundes har litt falsk krupp, kan det vere vanskeleg å tolke desse lydane.
-Legen høyrer uvanlege lydar frå lungene gjennom stetoskopet. Dette kan vere ulike typer lydar ved utpusting, ikkje berre "pipelydar". Hos born kan desse lydane ofte vere vanskelege å høyre, men kjem tydelegare fram dersom legen presser handa si mot framsida av brystkassa ved utpusting.
-Når astmaanfallet er tungt, kan astmalydane forsvinne. Derfor er ikkje lytting med stetoskop tilstrekkeleg for å vurdere om barnet har astma.
-Musklane i brystkasseveggen og på halsen vert tekne i bruk for hjelpe til med pustinga. Vanlegvis brukar ikkje barnet desse musklane ved pusting, men pustar med "magen". Men når det er tungt å få luft ut og inn, blir også musklane mellom ribbebeina og på halsen tekne i bruk. Dette er uttrykk for at astmaepisoden er tung. I desse tilfella treng barnet effektiv medisin.
I vanleg praksis seier vi at barnet har ein "astmaliknande episode" eller "bronkial obstruksjon" dersom tre av desse fem symptoma eller teikna er til stades. Dersom barnet har hatt tre slike episodar, har barnet sannsynleg astma.
4. Forhold som gjer astmadiagnosen meir sannsynleg
Bruken av dei fem punkta ovanfor er berre eitt av fleire hjelpemiddel eller "verktøy" for å stille astmadiagnosen. Følgjande forhold kan - saman med desse fem punkta - vere med på å gjere astmadiagnosen enda meir sannsynleg:
Barnet har ein eller to svært kraftige episodar med "typisk astma".
Søsken eller foreldre har astma eller allergi.
Barnet har før 1 års alderen fått atopisk eksem og/eller matallergi.
Barnet er allergisk mot f.eks. dyr, husstøvmidd eller pollen. Når barnet har desse "risikofaktorane", skal foreldra og legen i enda større grad enn vanleg ha astmadiagnosen i tankane når der er astmaliknande symptom.
5. Kronisk hoste og/eller astmasymptom ved fysisk aktivitet
Hos ei lita gruppe born med astma er langvarig hoste det dominerande eller kanskje det einaste teiknet på astma. I virussesongen kan mange born ha hoste som varer opp til eit halvt år, utan at det betyr astma. Men varer hosten lenger - og særleg dersom den kjem etter leggetid -, bør legen vurdere astmadiagnosen ved å teste ut om astmamedisin til innpusting ("inhalasjon") hjelper. Astmasymptom som hoste eller pipande pust ved sterk fysisk aktivitet, er vanlegvis uttrykk for det vi kallar "anstrengelses-astma". Dersom barnet berre har anstrengelsesastma, er det likevel uttrykk for at barnet har astmasjukdommen slik at det er nyttig med ei eller anna form for astmamedisin.
6. Finn ut om astmamedisin virker
Ofte kan plagene og symptoma vere så uklare eller lite typiske at berre eit behandlingsforsøk med medisinar gir oss konklusjonen. I første omgang forsøker vi såkalla symptomlindrande medisin (ofte kalla kalla anfallsmedisin, nødmedisin, akuttmedisin eller blå medisin). Desse heiter
Airomir, Berotec, Bricanyl, Buventol, Inspiryl, Salbuvent, og Ventoline.
Som ein hovudregel kan foreldra få denne medisinen - som skal takast som innpustingsmedisin (inhalasjon) - med heim.
Til born under 5-7 år nyttar vi ein spray saman med eit lite kammer av plast (Babyhaler) eller stål (Nebunette), til større barn nyttar vi vanlegvis eit pulver som skal pustast inn.
Det er viktig at foreldra og barnet lærer og får kontrollert teknikken. På legekontoret kan ein gje medisin til innpusting via ei maske og ein kompressor som førstøver den flytande medisinen, med vurdering av virkninga etter 20-30 minuttar.
I nokre tilfelle må vi kanskje prøve med eit kortisonpreparat til innpusting (Flutide eller Pulmicort). f.eks. 2 ganger kvar dag i 1-2 månader, for å sjå om der kjem betring av symptoma.
7. Måling av lungefunksjonen
Hos større born - vanlegvis etter 6-7 års alderen - kan måling av lungefunksjonen vere eit hjelpemiddel for å kome fram til ein sikker astmadiagnose. Dette krever ein del ferdigheter hos barnet, og instruksjonen må vere god.
På legekontoret kan ein utføre såkalla spirometri. Ein pustar då inn i eit apparat (spirometer) som måler lufthastigheten gjennom heile inn-og utpustinga. Ved astma er lufthastigheten nedsatt i varierande grad, og dette kan vi få fram på ein kurve og i talverdiar. Ved å gjere testen før og 15 minuttar etter innpusting av symptomlindrande medisin - for å sjå om medisinen betrar lufthastigheten - er dette eit godt diagnostisk hjelpemiddel hos større born og vaksne.
Ein kan også utstyre barnet med eit Mini-PEF apparat til heimebruk. Dette apparatet er rimeleg, vert refundert på blå resept, og har ei enkel utforming. I staden for å måle lufthastigheten gjennom heile pusterunden, måler det hastigheten i ein brøkdel av eit sekund ved rask og kraftig utpusting. Barnet kan på denne måten måle lungefunksjonen kvar morgon og kveld - aller best før og etter innpusting av lindrande medisin - over ein periode på nokre veker eller når der er symptom. Dersom ein er i tvil om barnet har anstrengelsesastma eller om det er vanleg andpustenhet, er apparatet særs nyttig.
Likeeins kan apparatet vere nytig dersom ein tykkjer det er vanskeleg å vurdere om barnet er inne i ei forverring av ein kjent astma. Tolkinga av resultatet kan vere vanskeleg utan nært samarbeid med legen.
8. Allergitesting
Påvising av allergi betyr ikkje at barnet har astma, men auker sjansen for at symptoma kan bety astma. Manglande allergi utelukker ikkje astma. Særleg hos borna under 1 år, og til ei viss grad opp til kring 4 år, får vi ikkje napp ved allergitesting dersom ein ikkje klart har registrert at barnet reagerer allergisk.
Når barnet blir vurdert og behandla oss allmennlegen, er såleis allergitesting ikkje noko vilkår eller krav for å stille astmadiagnosen eller gjere eit behandlingsforsøk med astmamedisin. Men ut frå opplysningane frå foreldra, vil spesialisten likevel ofte finne grunnlag for å gjere ein allergitest.
Allmennlegen har ansvaret
Utanom byane Oslo, Bergen og Trondheim er talet på barnelegespesialistar - og særleg spesialistar på barneastma - sterkt varierande. Det er derfor ikkje mogeleg å tilby spesialisthjelp til alle born med astma. I mange fylke vil berre kring halvparten eller ein tredjedel av borna med astma kunne rekne med å få minst ein konsultasjon hos barnelegespesialist. Langvarig oppfølgjing hos spesialist er berre mogeleg hos dei mest plaga borna. I følgje norske retningsliner har allmennlegane hovudansvaret både for diagnostikk, iverksetjing av behandling og vidare oppfølgjing eller kontrollar. Ved astma har allmennlegen eit særleg opplæringsansvar. Det gjeld også i dei tilfella der allmennlegen ber spesialisten om hjelp. I følgje norsk regelverk skal alle vurderingar og behandlingar hos legespesialist skje etter tilvising frå allmennlege, som har eit oppfølgjingsansvar.
Redaktør Lommelegen.no: Ine Thereze Gransæter
Ansv.red og adm.dir: Petter Danbolt
Stedfortr.ansv.red og COO: Terje Johansen
Oppdateringsansvarlig Lommelegen.no: Linda Stølen
Utgiverselskap: Aller Internett as