header
 
 Still spørsmål
 Les svar
 Svar etter tema
 Sjekk status på ditt spørsmål
 Debattforum
 Test deg selv
 Pasientorg.
 Lommelegen på mobilen
 SØK
 ADHD
 Allergi
 Alzheimer
 Apotek
 Astma
 Barn
 Blodtrykk
 Diabetes type 2
 Eksem
 Ernæring
 Forkjølelse
 For menn
 Førstehjelp
 Gravid
 Hiv/aids
 Hodepine
 Idrett / Trening
 Impotens
 Inkontinens
 Kolesterol
 Kreft
 Kvinnehelse
 Migrene
 Muskel/skjelett
 Overvekt
 Prevensjon
 Psykisk helse
 Reisemedisin
 Rettigheter
 Røykeslutt
 Samliv
 Sex
 Skader
 Smerter
 Sommersenter
 Spiseproblem
 Stress
 Sykdommer
 Symptomer
 Søvnsenter
 Undersøkelser
 Vaksiner
   
Allergi
Matallergi det første leveåret
Når spedbarnet har eksem, spør ofte foreldrene om barnet kan være allergisk - først og fremst mot mat. Kumelk og egg er de vanligste matvarene spedbarn kan reagere allergisk på.

Av: Anders Alme, lege

teaser

Relaterte artikler:
Alle nyfødte må testes
Relaterte temasentre:
Allergi
Barn
Ernæring
Eksem

Når spedbarnet har atopisk eksem, spør ofte foreldra om barnet kan vere allergisk - først og fremst mot mat. Når eksemplagene er beskjedne, treng vi vanleg vis ikkje vere bekymra for det. Allergi er berre ein av fleire faktorar som skaper eksem og held det ved like. Men dersom vi finn eksemforandringar over heile kroppen, kan det vere fornuftig av legen å vurdere om allergi mot kumjølk eller eggekvite kan vere ei viktig vedlikehaldande og forverrande årsak.

Eksem er det vanlegaste symptomet ved matallergi det første leveåret, og allergien er oftast mot eggekvite eller kumjølk. Symptoma kan også vere oppkast, eller mistrivsel med mykje skriking. Av og til kan tilsynelatande normal spedbarnskolikk vere uttrykk for allergi eller intoleranse mot kumjølkprodukt. I svært sjeldne tilfelle kan vi hos spedbarnet oppleve kraftige allergiske reaksjonar, slik at barnet må leggast inn på sjukehus. Det er også sjeldan at matallergi er forklaringa på dårleg vektauke dersom der ikkje samstundes er andre teikn til allergi.

Kumjølkallergi
Allergien er retta mot proteina i kumjølka. Med kumjølk meiner vi i denne samanhengen alle produkt som er laga av kumjølk: H-mjølk, lettmjølk, skumma mjølk, lactoseredusert mjølk, surmjølk, youghurt, ost og smør inkludert margarin. Og gløym ikkje dei ferdiglaga morsmjølkerstatningane frå Nestlé eller Collett, eller AL 110.

Intoleranse mot mjølkesukker - lactoseintoleranse - er noko heilt anna enn mjølkeallergi. Lactoseintoleranse er svært sjeldan hos sped- og småborn.

Eggallergi
Først og fremst reagerer barnet på eggekviten frå hønseegget. Allergien er sterkast mot rått egg, som eggedosis. Egg finn vi i mange matprodukt, og ofte kan små mengder eggekvite i ein rett eller eit bakverk vere tilstrekkeleg for å gi ein allergisk reaksjon eller få eksemet til å blusse opp.

Matallergi hos brystmjølkernærte born
Når den ammande mora sjølv et mat som inneheld kumjølk eller eggekvite frå hønseegg, går små mengder av dette over til barnet via brystmjølka. Det kan vere tilstrekkeleg til å halde ved like eit atopisk eksem. Ved eggallergi kan ein kanskje merke oppblussing av eksemet 1-2 dagar etter at mor har ete reint egg. Men også eit lite stykke sjokoladekake som er tilsatt egg, kan få barnet sitt eksem til å blusse opp.

Påvising av allergi mot kumjølk og hønseegg
Diagnosen kan vere både lett og vanskeleg å stille. Eg meiner ikkje at alle born med litt eksemforandringer skal undersøkast med tanke på matallergi. Men dersom eksemet er utbreidd over heile kroppen, eller der kjem ein kraftig og lett tolkbar reaksjon kort tid etter inntak av kumjølk eller mat med egg, er det god grunn til å mistenke allergi.

1. Den systematiske samtalen med legen
Fordi ingen testar er pålitande, må diagnosen alltid byggje på ein god samtale med legen, der legen og de foreldre i fellesskap vurderer dei symptoma som barnet har. Det er viktig å konkretisere og underbyggje mistanken så godt som mogeleg gjennom observasjonar og etterfølgjande tolkingar.

2. Eliminasjon
Dersom barnet verkeleg er allergisk, vil symptoma forsvinne i løpet av nokre dagar eller ei god veke etter at egg eller kumjølk er fjerna fullstendig frå barnet sin kost - eller frå mora sin kost dersom barnet blir amma. Det er viktig at mora fjernar frå kosten sin absolutt alt som inneheld kumjølk eller egg, også margarin som inneheld litt kumjølk eller kaker som inneheld litt egg. Dei fleste butikkar har spesialmargarin utan kumjølk. Ved eliminasjon av kumjølk, bør de vere merksame på at også såkalla mjølkefri spedbarnsgraut kan innehalde spormengder av kumjølk - nok til å halde symptoma ved like hos særleg følsame born. Då må barnet i testperioden få graut laga av jernberika sammalt kveitemjøl (beregna til spedbarnsgraut) eller havremjøl.

Avhengig av kva type plager barnet har, kan det ta tid før symptoma går bort i samband med eliminasjonen. Dersom barnet har eksem, er det viktig samstundes å behandle eksemet på ein god måte med fuktighetskremar og ein kortisonhaldig krem, fordi det alltid vil ta litt tid for huda å reparere seg sjølv utan hjelpemiddel. Og så lenge huda er sår eller irritert, er det vanskeleg å vurdere verknaden av eliminasjonen.

Dersom symptoma er skriking som minner om spedbarnskolikk, skal betringa kome i løpet av det første døgnet og vedvare. Eliminasjonen i prøvetida bør vare minst ei veke.

3. Provokasjon
Fordi betring av plagene i samband med eliminasjon kan kome av tilfeldige samantreff, må ein etter vellukka eliminasjon teste ut den vanlege maten for å sjå om plagene kjem tilbake. Då skal både mor og barnet få mat slik som tidlegare. Men det er lurt å tilbakeføre til kosten berre ein av matsortane om gangen, fordi vi ikkje veit kva som var årsaka dersom både egg og kumjølk vart eliminert frå kosten samstundes. Ved uklare konklusjonar må kanskje eliminasjonen og provokasjonen gjentakast. 

Dersom barnet har hatt kraftige reaksjonar, skal det ikkje gjennomførast provokasjon. Utprøvinga med eliminasjon og provokasjon skal difor alltid skje i nært samarbeid med lege. Allmennlegen har vanlegvis tilstrekkeleg kompetanse til å ta ansvaret for denne diagnostiske prosessen.

4. Testing
I nokre tilfelle av matallergi kan testar vere nyttige hjelpemiddel, men mange av desse testane er upålitande. Det er fagleg feil å stille diagnosen matallergi på grunnlag av testane aleine, dette gjeld særleg for allergi mot kumjølk og egg. Ved allergi mot fisk og nøtter kan dei vere meir pålitande.

Fordi hudtesting (prikktesting) mot kumjølk eller egg likevel kan vere nyttige hjelpemiddel i den samla vurderinga, blir desse testane ofte nytta av spesialistar. Men resultata må tolkast med varsemd. Graden av utslag på testane seier ingen ting om kor alvorleg den eventuelle allergien er.

Allmennlegen kan ta blodprøver (RAST-analysar) mot egg eller kumjølk. Eit klart utslag på eggekvite, er rimeleg pålitande. Heller ikkje desse testane fortel noko om alvorsgraden av allergien. Utslag eller manglande utslag på kumjølk fortel forholdsvis lite.

Difor må diagnosen matallergi alltid bli stillt på grunnlag av samtalen med legen, eliminasjon og evt. provokasjon. Dette er alltid eit nødvendig vilkår for å stille diagnosen og for å seie noko om kor alvorleg eller viktig allergien er. I praksis har vi såleis ikkje andre diagnostiske hjelpemiddel enn dei som var tilgjengelege for femti år sidan og meir. Ein interessert lege, som gir seg god tid og som gjennomfører ein systematisk samtale, er det beste diagnostiske hjelpemiddelet som finst!

Utviklinga av allergien - prognosen
Allergi mot kumjølk og eggekvite har stor tendens til å gå over etter kvart, eller bli så mild at barnet eller den vaksne av og til kan ete litt mat som inneheld desse to matvarene. Dette finn ein berre ut ved å prøve seg fram. Dersom barnet aldri har hatt alvorlege eller farlege reaksjonar, kan utprøvinga skje heime i samråd med den ansvarlege allmennlegen. Dersom der har vore alvorlege reaksjonar, må utprøvinga skje på legekontoret eller i sjukehuset under medisinsk beredskap.

Desse allergiane kan vere eit forvarsel om at barnet kanskje har eit medfødd allergisk anlegg, som seinare kan vise seg som allergiar mot dyr, midd eller pollen og eventuellt som astma.


Les mer om: allergi, barn, eksem, ernæring


Oppdatert: 25. February 2005

---------------------------------------------
Spørsmål til legen:
Still spørsmål til legen - garantert svar!
 


   
 
Emner fra A til Å
 


Flere svar »


Gå til forumet »

 


Still spørsmål til Lommelegens ekspertpanel:
Om oss
Kontakt oss
Vilkår for tjenesten
Feilmelding
Reklame og sponsing på Lommelegen
Ønsker du å annonsere?
Tips oss
Tips en venn
Redaktør Lommelegen.no: Ine Thereze Gransæter
Ansv.red og adm.dir: Petter Danbolt
Stedfortr.ansv.red og COO: Terje Johansen
Oppdateringsansvarlig Lommelegen.no: Linda Stølen
Utgiverselskap: Aller Internett as
Lommelegen AS © 2012 - ditt helsesenter på Internett
Materialet er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med
Lommelegen AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring forbudt.
 

Lommelegen.no har konsesjon fra Datatilsynet.

Opplysningene som gis på Lommelegen.no må ikke 
brukes i stedet for kontakt med, undersøkelse hos eller behandling av lege