header
 
 Still spørsmål
 Les svar
 Svar etter tema
 Sjekk status på ditt spørsmål
 Debattforum
 Test deg selv
 Pasientorg.
 Lommelegen på mobilen
 SØK
 ADHD
 Allergi
 Alzheimer
 Apotek
 Astma
 Barn
 Blodtrykk
 Diabetes type 2
 Eksem
 Ernæring
 Forkjølelse
 For menn
 Førstehjelp
 Gravid
 Hiv/aids
 Hodepine
 Idrett / Trening
 Impotens
 Inkontinens
 Kolesterol
 Kreft
 Kvinnehelse
 Migrene
 Muskel/skjelett
 Overvekt
 Prevensjon
 Psykisk helse
 Reisemedisin
 Rettigheter
 Røykeslutt
 Samliv
 Sex
 Skader
 Smerter
 Sommersenter
 Spiseproblem
 Stress
 Sykdommer
 Symptomer
 Søvnsenter
 Undersøkelser
 Vaksiner
   
barnet mitt er alltid forkjøla

Allergi
Barnet mitt er alltid forkjøla
Svært ofte fortvilar foreldre over at barnet «alltid» er sjukt. Den eine feber-eller forkjølingsperioden blir avløyst av den neste. Og spørsmålet blir gjerne - er det noko gale med barnet mitt?

Av: Anders Alme, lege

teaser

Kanskje har det noko å gjere med livsstilen vår. Døgnet og veka og månadene er fullbooka, og vi har kanskje gløymt å ta inn i rekneskapen at borna våre skal vere ein del sjuke i løpet av oppveksten.

Forenkla kan vi seie at immunapparatet deira forlanger det. Sjølvsagt er nokre born oftare sjuke enn andre, men det betyr ikkje at noko alvorleg ligg bak om. Det har å gjere med dei normale ulikskapane mellom born å gjere. Og har barnet eldre sysken eller går i barnehage, vil bombardementet av ulike virus nødvendigvis bli stort. Difor må arbeidslivet godta at småbarnsforeldre utan forvarsel må vere heime frå arbeid fordi barnet eller borna har ein virusinfeksjon. Men lat oss ikkje gløyme å dele på det å vere heime hos det sjuke barnet - så sant far eller mor har nokon å dele ansvaret med.

Barnet har rett til å vere sjukt
Barnet har rett til å få vere heime og ta det med ro når det er sjukt,  og bli skjerma frå all den aktiviteten og kontakten som er naturleg i ein barnehage, hos dagmamma eller på skulen. Ein del av tilfriskingsprosessen - både for born og vaksne - er å gire litt ned når vi er sjuke og kroppen melder frå om at nå er ting ubehagelege og belastande.

Det er ikkje uvanleg at friske småborn er forkjøla fem-seks ganger per år, eller kanskje kvar månad når dei er i barnehage. Men etter kvart byggjer dei seg opp ein immunitet eller eit forsvar, slik at forkjølingane kanskje vert avgrensa til tre-fire ganger årleg. Inntil dei kjem i ungdomsalderen og opplever at forkjølingane toppar seg til på nytt.

Born er verdsmeistrar i å dele virus med kvarandre
For å bli forkjøla, må vi ha fått i oss eit virus. Og borna våre har kanskje eit par hundre ulike virus å velje mellom.  6-7 virusgrupper dominerer, men i kvar gruppe er der så mange ulike variantar at vi ikkje har spesifikk immunitet mot dei. Nysing og hoste er ein måte å smitte naboen vår. Men først og fremst deler vi virus med kvarandre gjennom hendene. Dersom vi har hosta inn i handa, eller tørka snørr eller spytt med handbaken, vil virus halde seg levande der nokre timar. Og i løpet av dei timane har vi etterlate oss levedyktige virus på både ting og menneske.

God handhygiene er difor det viktigaste tiltaket for å hindre spreiing av smitten!

Forkjøling opptrer på mange måtar
Det store virusmangfaldet gjer at forkjølingane kan opptre på ulike måtar. Nokre ganger kjenner vi oss verkeleg sjuke, med feber, ille hoste og vondt i kroppen. Kanskje får vi ein biholebetennelse eller ein øyrebetennelse på toppen, som heldigvis berre sjeldan skal ha penicillin for å gå over. Dei minste borna vil kunne få falsk krupp. Nokre ganger kan forkjølinga - eller det som vi gjerne kallar øvre luftvegsinfeksjon - likne på lungebetennelse, utan at det er lungebetennelse. Det høyrer berre slik ut når legen skal lytte på lydane frå lungene. Og det hjelper ingen ting å få penicillin. Nokre ganger blir forkjølinga til ein bronkitt, der det syder og surkler ned for brystet. Men heller ikkje då hjelper penicillin. Men plagene kan trekke i langdrag. Og i løpet av tilhelingsprosessen - som også kan vare i nokre veker - er forsvaret vårt mot nye virusangrep svekka. Dermed opplever vi at det går slag i slag.  Kor mange foreldre har ikkje opplevd at barnet har hosta seg gjennom nesten kvar ei natt heile hausten og vinteren?

Forkjøling kan ikkje behandlast men plagene kan lindrast
Det er ikkje mogeleg å påskunde tilfriskinga med medisinar, bortsett frå å late kroppen få tid til å gjere jobben sjølv.

Lat barnet få ta det med ro og kvile når forkjølinga er aktiv,
og lat barnet bli skjerma slik at det kan finne sitt eige tempo. Lat kroppen sitt forsvars- og reparasjonsapparatet få gjere jobben sin. Feber er ein viktig del av dette, fordi heva kroppstemperatur er ugunstig for virus. Kroppsverken - og det at ein kjenner seg sjuk - er kroppen sin måte å signalisere at vi må ta det litt med ro.

Difor er der få grunnar til å gi febernedsettande medisin eller smertestillande medisin, bortsett frå når kroppsubehaget er for stort og når barnet tidlegare har hatt feberkramper. Bruk i så fall paracetamol.

Hald nasen open
Ubehaget ved forkjølinga er i stor grad forårsaka av den tette og rennande nasen.  Det kan hjelpe med saltvatnsdropar i begge nasebor.  Hos dei minste borna, som ikkje greier å snyte seg, kan det hjelpe å suge nasen rein med sugeballong som ein får kjøpe på apoteket.

Feber er i seg sjølv ikkje grunn til å søke lege
Berre når barnet virker alvorleg sjukt er det nødvendig å søke lege. Teikn på alvorleg sjukdom kan vere at barnet ikkje vil ta til seg næring eller væske, kastar opp, gir dårleg kontakt, er tung i pusten, får utslett, skrik vedvarande, har vondt for å svelge eller har temperatur over 40 grader. Temperatur over 40 grader betyr likevel ikkje nødvendigvis at barnet er alvorleg sjukt. Temperatur under 38 grader reknar vi vanleg vis ikkje som feber hos born. Vedvarande temperatur kring eller over 39 grader i meir enn tre døgn. kan vere grunn til å rådføre seg med lege. Dersom barnet skulle få øyrevondt, er det vanleg vis tilstrekkeleg med smertestillande medisin.

Dersom hosten har vart i meir enn 2 veker, kan det vere greitt å rådføre seg med lege. 


Les mer om: barn, forkjølelse, allergi


Oppdatert: 21. May 2003

---------------------------------------------
Spørsmål til legen:
Still spørsmål til legen - garantert svar!
 


   
 
Emner fra A til Å
 


Flere svar »


Gå til forumet »

 


Still spørsmål til Lommelegens ekspertpanel:
Om oss
Kontakt oss
Vilkår for tjenesten
Feilmelding
Reklame og sponsing på Lommelegen
Ønsker du å annonsere?
Tips oss
Tips en venn
Redaktør Lommelegen.no: Ine Thereze Gransæter
Ansv.red og adm.dir: Petter Danbolt
Stedfortr.ansv.red og COO: Terje Johansen
Oppdateringsansvarlig Lommelegen.no: Linda Stølen
Utgiverselskap: Aller Internett as
Lommelegen AS © 2012 - ditt helsesenter på Internett
Materialet er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med
Lommelegen AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring forbudt.
 

Lommelegen.no har konsesjon fra Datatilsynet.

Opplysningene som gis på Lommelegen.no må ikke 
brukes i stedet for kontakt med, undersøkelse hos eller behandling av lege